Lærar - 100% vikariat - Hordabø skule
Alver kommune
- Frist 22.03.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Lærar for elever fra mottak
Om stillinga
I 2024 blei det etablert asylmottak på Radøytunet, og Hordabø skule søkjer no etter ein pedagog som skal arbeide med elevar i mottakstilbod og støtte inn i ordinær klasse. Du vil jobbe i team saman med leiing, kontaktlærar og assistent for å sikre ei god fagleg og sosial inkludering. Vikariatet er ledig frå 27.03.26 - 31.07.26.
Om oss
Hordabø skule har 120 elevar og ligg i vakre omgjevnader i Bøvågen på Radøy. Hordabø skule har særleg fokus på leseglede og eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- planlegge og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplanar
- systematisk samarbeid med kollegaer og leiing om elevane si læring og utvikling
- aktiv deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid
- skape trygge og gode læringsarenaer der alle elevane er inkluderte
- oppfølging av elevar frå mottak for å sikre god fagleg og sosial utvikling
Kvalifikasjonskrav
Det er ønskjeleg med lærarutdanning for 1-7 eller tilsvarande kompetanse. Gjerne med erfaring frå undervisning.
Søkjarar som ikkje er formelt kvalifisert for fast tilsetjing, kan verte vurderte for mellombels stilling.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange
- Tett fagleg samarbeid mellom kollegaer
- Oppfølging og rettleiing
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Politiattest
I tråd med opplæringsl § 10- 9vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
FerdigheterAI-generert
- Planlegge læreplaner
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nordbøvegen 1, 5937 Bøvågen
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453709850
- Sist endret
