Inspektør ved Sogndal folkehøgskule
Stiftinga Sogndal Folkehøgskule
- Frist 22.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Målet vårt er å leggje til rette for fagleg og personleg utvikling hjå elevane, slik at dei betre kan ta ansvar for seg sjølve, for samfunnet og for miljøet. Sogndal folkehøgskule skal vere ein føregangsskule innan berekraft.
Hva vi ser etter
Vi søkjer deg som har:
-
Relevant høgare utdanning, helst pedagogisk utdanning eller relevant leiarutdanning.
-
Erfaring frå undervisning og/eller administrativt arbeid i skulesektoren, gjerne med leiarerfaring.
-
Gode relasjonelle ferdigheiter og evne til samarbeid og utvikling.
-
Evne til å arbeide strukturert, løysingsorientert og med høg grad av ansvar.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgaver
Som inspektør vil du mellom anna ha ansvar for:
-
Pedagogisk leiing, inkludert planlegging og oppfølging av undervisning og elevar.
-
Personaloppfølging, rettleiing og samarbeid med undervisningspersonalet.
-
Aktiv deltaking i skuleutvikling og kvalitetssikring av det pedagogiske arbeidet.
-
Å vere stedfortredar for rektor ved behov og inngå i skulen si leiargruppe.
Vi tilbyr
-
Ei meiningsfull leiarstilling i ein positiv og utviklingsorientert skule.
-
Eit engasjert personalteam og dedikerte elevar.
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse.
-
Lønn etter avtale.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453758253
- Sist endret

