Vil du vere med å jobbe med utdanning og kompetanse for eit berekraftig og omstillingsdyktig samfun
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
- Frist 13.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Ledig stilling som sakshandsamar innan godkjenning av utanlandsk utdanning
Om stillinga
Vi søkjer ny kollega til ei fast rådgivarstilling (100 %) i divisjonen. Stillinga har oppgåver innan sakshandsaming i avdeling for utanlandsk høgare utdanning I. Avdelinga har ansvar for godkjenningsordningane for utanlandsk høgare utdanning og utanlandsk høgare yrkesfagleg utdanning (fagskoleutdanning). Snarleg tiltreding er ønskjeleg, og arbeidsstaden er i Oslo.
Kven er vi?
Divisjon for godkjenning og opptak i HK-dir er godkjenningsmyndighet for utanlandsk utdanning, med ansvar for Samordna opptak. Vi er eit nasjonalt kompetansesenter for utanlandsk utdanning, og koordinerer, gir råd og rettleier om utanlandsk utdanning og dei norske godkjenningsordningane.
Divisjonen forvaltar fire godkjenningsordningar for utanlandsk utdanning og handsamar årleg over 15 000 søknadar om godkjenning av utanlandsk høgare utdanning, yrkesfagleg utdanning og profesjonsgodkjenning for lærarar og styrarar/pedagogiske leiarar i barnehage. Divisjonen tilbyr også ei intervjubasert godkjenningsordning for personar utan verifiserbar dokumentasjon.
Vi har oversikt over norsk og internasjonal godkjenningspraksis og tek vare på pliktene til Noreg og interesser på området som representant i ENIC-NARIC-nettverka av nasjonale godkjenningsmyndigheiter. Divisjonen er også nasjonalt kontaktpunkt for yrkeskvalifikasjonsdirektivet.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere
- sakshandsaming av søknader om godkjenning av utanlandsk utdanning og opptak til høgare utdanning. I dette ligg også bidrag til utgreiing, kvalitetssikring, forvalting, drift og vidareutvikling av godkjenningsordningane og opptaket.
I tillegg kan det vere aktuelt med andre arbeidsoppgåver, avhengig av kompetansen til den einskilde:
- deltaking i prosjekt og internasjonalt samarbeid
- vidareutvikling av HK-dirs godkjenningsordningar og det norske opptakssystem, medrekna digitalisering og samarbeide på tvers i divisjonen og med andre aktørar på godkjennings-/opptaksfeltet
- andre arbeidsoppgåver innan divisjonens portefølje ved behov
Kva kvalifikasjonar treng vi?
Vi krev at du:
- har høgare utdanning, minimum bachelorgrad. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- meistrer norsk og engelsk som arbeidsspråk, både munnleg og skriftleg
- har relevant sakshandsamarerfaring frå vurdering av utanlandsk utdanning
- har gode evner til å samarbeid, samtidig som du kan jobbe sjølvstendig
- jobbar strukturert og effektivt, samtidig som du er løysingsorientert
Det er i tillegg ein fordel om du har:
- erfaring frå godkjennings- eller opptaksfeltet
Hos oss får du
- eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
- høve til fagleg utvikling og kompetanseheving
- ein fleksibel arbeidstidsordning og høve for å jobbe heimanfrå delar av arbeidstida
- høve til trening i arbeidstida, med inntil to timar i veka
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode pensjons- og låneordningar
Lønsvilkår
- lønsplassering etter kompetanse
- rådgivar med ei årslønn mellom kroner 580 000 - 660 000
- to prosent trekk til lovfesta innskot i Statens pensjonskasse
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten). Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova § 25. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand.
Søknad og CV
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gi tilgang til vitnemålsportalen.
Kontaktperson
Namn: Andreas Snildal
e-post: andreas.snildal@hkdir.no
telefon: +47 99 78 96 10
FerdigheterAI-generert
- Gode norsk- og engelskkunnskaper
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Direktoratet for høgre utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltingsoppgåver innan høgre utdanning, høgre yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrkje det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar.
Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.
Les meir om HK-dir her
Vi har kontor i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karl Johans gate 7, 0154 Oslo
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452970773
- Sist endret

