
Pleieassistent sommar
Helse Bergen HF
- Frist 19.03.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Pleieassistent sommar
Voss sjukehus har ledige 100% vikariat (eller stillingsstorleik etter avtale) som pleieassistent frå og med veke 25 til og med veke 33.
Ynskjer du ein jobb der du jobbar tett på pasientar, vert del av eit solid fagmiljø og får ei rolle kvar du verkeleg gjer ein forskjell? Som pleieassistent hjå oss får du opparbeide deg verdifull erfaring og kompetanse, med ein arbeidsdag som er variert og meiningsfull. Du vert del av eit team kvar alle er like viktige.
Me søkjer pleieassistentar til:
- Kirurgisk / ortopedisk sengepost
- Medisinsk sengepost
👉 Oppgje i søknaden kva seksjon du søkjer, i prioritert rekkefølgje.
Vert med på laget vårt - me ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Grunnleggande pleie og omsorg
- Praktisk bistand og tilrettelegging for pasientar
- Førefallande arbeid
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå stell, pleie og observasjonar av pasientar
- Meistrar norsk skriftleg og munnleg
- Ynskjeleg med relevant utdanning frå vidaregåande skule eller høgskule
- Kjennskap til bruk av IKT-verktøy
Personlege eigenskapar
Du
- er strukturert og tek ansvar
- trivst med teamarbeid, men er også sjølvstendig
- er trygg, omsorgsfull og serviceorientert
- har gode kommunikasjonsevner
- er tilpasningsdyktig og fleksibel
Me tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons -og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard
- Eit trygt og godt arbeidsmiljø
- Todelt turnus inkl helgearbeid
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
FerdigheterAI-generert
- Norsk
- Observere helsetjenestebrukere
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleierstudent, sjukepleiarstudent, sommer, voss
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452828212
- Sist endret


