
Rådgjevar
Nav
- Frist 12.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Har du interesse for økonomi, og trivast med varierte arbeidsoppgåver i eit aktivt miljø?
Vi i Nav økonomiteneste søker etter engasjerte og kunnskapsrike medarbeidarar, som ønskjer å bli ein viktig del av Nav sin økonomifunksjon.
Hjå oss får du spennande og varierte oppgåver i eit sterkt økonomifagleg miljø!
Nav økonomiteneste (ØT) leverer landsdekkande økonomitenester for Nav, med ansvar for rekneskap, lønn, reise, oppfølging sjuke- og foreldrepengar, bestilling og faktura, utbetalingar og intern brukarstøtte. Vi jobbar kontinuerleg med å utvikle økonomiområdet, og tilby effektive tenester som støttar det viktige samfunnsoppdraget til Nav. Vi er inne i ein spennande fase med utvikling på fleire områder, og skal samstundes ta i bruk periodisert rekneskap (statleg regnskapsstandard) frå 1.1.2027.
Vi skal no rekruttere inntil fire faste stillingar på ulike seksjonar. Er du klar for å ta neste steg?
Søk no og bli med på å forme framtidas økonomitenester i Nav!
Arbeidsoppgaver
- Saksbehandling og rådgiving på dei ulike fagområda
- Avstemmingar, periode- og årsavslutning
- Analyse og rapportering
- Finne smarte løysingar på utfordringar innan både system og prosess som bidreg til å effektivisere måten vi jobbar på
Kvalifikasjoner
- Høgare økonomisk utdanning på minimum bachelornivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- God rekneskaps- og økonomiforståing
- Interesse for teknologi og system
- Gode evner til skriftleg og munnleg kommunikasjon på norsk
I tillegg er det ynskjeleg at du har:
- Kjennskap til statleg regelverk på økonomiområdet, og gjerne kjennskap til periodisert rekneskap (statleg rekneskapsstandard)
- Erfaring frå, eller kunnskap om offentleg forvaltning
- Erfaring frå prosjekt eller teamarbeid
Motivasjon for stillinga og personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.
Du er velkomen til å søke både som nyutdanna eller om du har arbeidserfaring.
Personlige egenskaper
- Du er engasjert, løysningsorientert og har høg gjennomføringsevne
- Du er strukturert og vektlegg kvalitet
- Du er nysgjerrig og likar å halde deg fagleg oppdatert
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med spennande oppgåver.
- Gode personlege og karrieremessige utviklingsmoglegheiter.
- Familievenleg personalpolitikk med gode velferdsordningar.
- Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og trening i arbeidstida.
- Lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar i lønnsspenn kr 622 000 – 700 000 brutto per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse.
- Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor inntil to dagar i veka
Kontoret vårt ligg i Sognal kommune som er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at du etter eitt år som yrkesaktiv kan få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.
Kven er vi?
Nav økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle Nav sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 716 mrd. kroner i årlege ytingar og rettleiing for Nav sine 22 000 tilsette. Nav økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i Nav.
Vi er 100 tilsette fordelt på sju seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.
FerdigheterAI-generert
- Analysere data
- Avstemming av kontoer
- Kjennskap til lovverk og regelverk
- Rapportering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
regnskap, økonomi, faktura, bestilling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452686016
- Sist endret