
Rådgjevar
Digitaliseringsdirektoratet
- Frist 15.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du sikre universell utforming gjennom analyse og forenkla kontroll?
Uu-tilsynet søker rådgjevar til analyseteamet
Digitale tenester skal vere tilgjengelege for alle. I Noreg er dette lovfesta gjennom regelverket om universell utforming av ikt. Uu-tilsynet i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) fører tilsyn med at private og offentlege verksemder, lag og organisasjonar følgjer forskrifta. Tilsynet omfattar mellom anna nettsider, appar og automatar.
Vi kombinerer fagkunnskap om universell utforming med data, analyse og digitale løysingar for å gjennomføre effektive og målretta kontrollar. Forenkla kontroll er ein lovpålagt og sentral del av dette arbeidet.
No søkjer vi ein rådgivar som vil vere med å utvikle og drifte det datadrivne tilsynet vårt, og som vil ha eit særskilt ansvar for gjennomføring og vidareutvikling av forenkla kontroll. Du vil også inngå som ein del av seksjonens analyseteam.
Stillinga er fast og arbeidsstad er på Leikanger i Sogndal kommune.
Sentrale arbeidsoppgåver
- planlegge og gjennomføre forenkla kontrollar i tråd med krav i likestillings- og diskrimineringslova og forskrift om universell utforming av ikt
- samle inn, strukturere og kvalitetssikre data frå ulike kjelder
- analysere data for å identifisere trendar, barrierar og risikoområde innan universell utforming av ikt
- vidareutvikle metodikk og analysegrunnlag for datadrive og risikobaserte kontrollar
- bidra til drift og vidareutvikling av digitale løysingar for tilsyn og kontroll
- formidle innsikt og analyse på ein klar og forståeleg måte, både internt og eksternt
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- minimum utdanning på bachelor- eller masternivå innan relevante fagområde (for eksempel statistikk, matematikk, datavitskap, informatikk eller tilsvarande) Relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet
- erfaring med å samle inn, strukturere og analysere data
- erfaring med kvantitative metodar og systematisk analysearbeid
- erfaring med å bruk av programmeringsspråk, fortrinnsvis Python
- god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk
- kunnskap om universell utforming av ikt og wcag
Du bør ha
- erfaring med bruk av analyse- og visualiseringsverktøy (for eksempel Power BI eller tilsvarande)
- kjennskap til Microsoft Azure-analyseverktøy, som t.d. Fabric og DataFactory
- kjennskap til offentleg forvalting
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som
- arbeider strukturert og systematisk og trivst med å sette deg inn i komplekse problemstillingar
- tek ansvar for framdrift og leveransar og følgjer opp oppgåver på ein systematisk måte
- formidlar faglege vurderingar og analysar på ein klar og forståeleg måte
- samarbeider godt med ulike fagmiljø og bidreg positivt i teamarbeid
- er fagleg nysgjerrig og motivert av å styrke kvalitet og treffsikkerheit i tilsynsarbeidet
Det blir lagt vekt på personleg eignaheit.
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- arbeidsoppgåver i eit fagfelt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
- gode ordningar for opplæring og vidareutvikling
- familievennleg personalpolitikk
- lønn som rådgjevar i lønnsspenn kr 650 000 - kr 800 000.
- fleksitid, sommartid og moglegheit for to timar trening ukentlig i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse som er ein av landets beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar (https://spk.no/medlemskap-i-spk)
Les meir om godene ved å jobbe i staten på Arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise).
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Seksjonssjef Espen Rørvik Tjøstolvsen
E-post: espenrorvik.tjostolvsen@digdir.no
Telefon: 92 80 05 30
Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer på stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Søkarlister kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på lista. Du vil i så fall bli varsla.
Sikkerheit i Digdir
Digdir forvaltar samfunnskritisk infrastruktur. Sikkerheit er derfor integrert i rekrutteringsprosessane hos oss.
I stillingar som blir vurdert som sikkerheitskritiske, må du rekne med å få spørsmål knytt til sikkerheitsmessig skikkaheit i rekrutteringsprosessen.
Vi nyttar Semac til bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
FerdigheterAI-generert
- Analysere data
- Datainnsamling og analyse
- Matematikk
- Metodeutvikling
- Python (dataprogrammering)
- Statistikk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 475 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd.
Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Askedalen 4, 6863 Leikanger
- Bransje: IT, IT - programvare, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Analyse, Konsulent, Rådgivning
Nøkkelord
universell utforming, analyse, digitale tenester, ikt, tilsyn
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452646088
- Sist endret