SKL søker systemforvaltar krafthandel
Sunnhordland Kraftlag AS
- Frist 8.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du analytisk og vil arbeida med framtidas energiløysingar?
Kraft blir i dag handla i stadig raskare tempo, noko som set store krav til systema for produksjonsplanlegging og krafthandel. Store mengder data om ver, forholda i kraftverka, prisar og tilsig av vatn skal prosesserast raskare, og kombinera sanntidsdata, historikk og prognosar.
Me forventar ikkje at du har erfaring med krafthandel, men ser etter deg som er analytisk og har IT-kompetanse. Du har kommersiell og teknisk interesse. Du vil bidra til meir berekraftig og lønnsam nytting av dei fornybare ressursane med har til rådigheit for å produsera energi. Du synest det verkar spennande å vera med på å digitalisera krafthandelen.
Arbeidsoppgåver:
Vedlikehald og vidareutvikling av våre system og integrasjonar
Vidare arbeid med å automatisera handelsoppgåver
Arbeid med å forvalta data til våre analyseverktøy
Oppfølging av leverandørar
Din kompetanse:
Relevant høgare utdanning, eksempelvis innan IT, statistikk, analyse. Erfaring kan kompensera for utdanning.
Generell programmeringskompetanse og systeminteresse
Erfaring frå fornybar energi og industri er ein fordel
Kjennskap til Python, Grafana og maskinlæring
Norsk språk
Eigenskapar:
Analytisk, lærevillig og nysgjerrig
Samarbeidsorientert, men også evne til å jobbe sjølvstendig
Kommersiell forståing
Strukturert
Me tilbyr:
Du får arbeida i ein av dei mest samfunnskritiske bransjane
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, kor dei tilsette trivst godt
Ein fleksibel arbeidskvardag
Gode lønns-, pensjons- og velferdsordningar som hytter, trening og helseforsikring
Om du blir tilbydd jobben, vil det bli utført bakgrunnssjekk i samsvar med Kraftberedskapsforskriften.
Nysgjerrig?
Har du spørsmål eller ønsker ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med avdelingsleiar for krafthandel og driftssentral Liv Kjersti Skartland på 977 26 138.
Ferdigheter
- Analysere data
- Automatisering
- Behersker IT-/datasystemer
- Python (dataprogrammering)
- Statistikk
- Teknisk IT kompetanse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vass- og vindkraft i Norge. SKL produserer årleg omlag 3 200 GWh i Vestland og Rogaland fylke. Hovudkontoret er på Stord, med avdelingar i Matre, Kvinnherad og Litledalen, Etne. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL eig òg Midtfjellet Vindkraft i Fitjar kommune.
- Sektor: Privat
- Sted: Lønningsåsen 2, 5401 Stord
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Data Scientist, Dataanalytiker, Forretningsutvikling og strategi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
krafthandel, analytisk, it kompetanse, fornybar energi
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450427460
- Sist endret