
Lege i spesialisering (LIS 3) i klinisk farmakologi - vikariat
Helse Bergen HF
- Frist 15.02.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Lege i spesialisering (LIS 3) i klinisk farmakologi – 1 års vikariat - ved Seksjon for klinisk farmakologi og RELIS Vest
Vi har fra 15.04.2026 ledig eit vikariat med varigheit på 1 år som lege i spesialisering (LIS 3) i klinisk farmakologi.
Seksjon for klinisk farmakologi og RELIS Vest ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er lokalisert ved Haukeland Universitetssjukehus i Bergen. Avdelinga har ein omfattande rutine- og forskingsaktivitet og er også godkjend for hovudutdanninga innan spesialiteten klinisk farmakologi.
Seksjonen har tilsett 9 overlegar, av dette ein overlege i bistilling med hovudstilling på Universitetet i Bergen (UiB) og 3 legar i spesialisering (LIS). RELIS Vest har tilsett ni farmasøytar. Fleire medarbeidarar har bistilling ved UiB. Seksjonen har ansvar for leiarskap av Helse Bergen sin legemiddelkomite og for koordinering av legemiddelrådgjeving i føretaket. Seksjonen inkluderer legemiddelinformasjonssenteret i Helseregion Vest, RELIS Vest.
Seksjonens medarbeidarar gir beslutningsstøtte til primær- og spesialisthelsetenesta innan legemiddelbehandling og formidlar kunnskap om riktig bruk av legemidlar.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg medansvar for lege- og rusmiddelanalysar og tilhøyrande diagnostikk:
- tolke analyseresultat
- vurdere klinisk nytteverdi av lege- og rusmiddelanalysar, samt deira preanalytiske og analytiske kvalitet
- bidra til vidareutvikling av analysetilbodet i samarbeid med relevante kliniske miljø
- Fagleg medansvar for anna arbeid innen rasjonell farmakoterapi:
- - gje råd til helsepersonell i bruk av legemiddel knytt til effekt og biverknader
- delta i KUPP-Kunnskapsbaserte oppdateringsvisittar for fastlegar
- delta i arbeid med produsentuavhengig legemiddelinformasjon
- delta i arbeid med biverknader
- delta i arbeid i legemiddelkomiteen
- delta i vaktordning måndag til fredag frå kl. 0800-1600
Det er ein viktig del av verksemda å drive med forsking og utvikling, og det blir lagt til rette for det.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
- Gjennomført teneste som LIS1 eller turnusteneste
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Erfaring frå arbeid i laboratoriefag vert vektlagt
- Erfaring med og interesse for forsking og undervisning vert vektlagt
- Erfaring frå arbeid med produsentuavhengig legemiddelinformasjon vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du må:
- ha evne til sjølvstendig og prosjektorientert arbeid
- vere motivert for fagleg utvikling og forsking, samt undervising
- ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- personleg egnethet blir lagd vekt på
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- God opplæring
- Varierte arbeidsoppgåver
- Tid til fagleg fordjuping og utvikling
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Ei god pensjonsordning
FerdigheterAI-generert
- Gi farmasøytiske spesialistråd
- Gjennomføre tester av rusmisbruk
- Laboratoriefag (AMO)
- Resultatanalyse
- Vitenskapelig forskning
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Laboratoriemedisin, LIS
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447220618
- Sist endret
