Kontorkonsulent 100% fast
Øygarden kommune
- Frist 06.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Tranevågen ungdomsskule
Om avdelinga:
Tranevågen ungdomsskule ligg på Ågotnes midt i Øygarden kommune. Skulen har i underkant av 400 elevar, og har omtrent 60 tilsette. Tranevågen har eit innføringstilbod for minoritetsspråklege elevar og har ei lita avdeling som arbeider spesielt med elevar med ekstraordinære behov.
Tranevågen ungdomsskule legg vekt på at alle elevar og tilsette skal oppleve tryggleik, meistring og vekst. Skulen har derfor over lengre tid vore kjend for å ha eit godt arbeidsmiljø, og trivselen har vore god blant elevane.
Skulen er utviklingsorientert, og vi er opptatt av at vi skal vere ein skule som er i takt med tida. Vi har den siste tida hatt ekstra fokus på at vi skal bidra til at elevane får ei relevant opplæring for deira framtid, der medverknad og inkludering er sentrale både på fysiske og digitale arenaer.
Vår nye kontorkonsulent vil vere ei viktig brikke i både drift og utvkling av verksemda vår.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeid i skulen sine digitale system
- Føring av løn og fråvær
- Bestilling av varer og tenester
- Fakturering og rekneskap
- Resepsjonsoppgåver i telefon og for besøkande
- Hovudansvar for vikarinnhenting med bistand frå skuleleiinga
- Arkivering
- Andre kontor- og trivselsoppgåver
- Praksiskoordinator for studentar
- Fasilitere for møter med eksterne
Kvalifikasjonar:
Må ha:- Relevant utdanning. Fortrinnsvis høgskuleutdanning på bachelornivå eller høgare innan økonomi og administrasjon eller liknande
- Erfaring med administrativt arbeid
- Meistre norsk både skriftleg og munnleg
- Erfaring med vikarinnhenting
- Erfaring frå kontorarbeid i skulen
- Kjennskap til dei digitale systema som skulen nyttar: Websak+, Visma, Vigilo, Skyss sitt digitale system knytt til skuleskyss.
Personlege eigenskapar:
- Du er positiv og serviceinnstilt.
- Du har god arbeidskapasitet og trivast i ein hektisk kvardag
- Du er oppteken av å ha god kommunikasjon med elevar, føresette, kollegaer og andre.
- Du samarbeider godt med andre, men kan også jobbe effektivt åleine.
- Du tek ansvar når vi har oppgåver vi treng å finne løysingar på.
Anna:
- Stillinga er ledig frå 01.02.2026
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Martha Helen Listou, rektor Tranevågen ungdomsskule, tlf: 906 12 982
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
FerdigheterAI-generert
- Administrasjonsarbeid
- Norsk
- Økonomiske og administrative fag (AMO)
- Regnskapsvesen
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hamramyra 20, 5363 Ågotnes
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Kontor og administrasjon
Nøkkelord
kontorkonsulent, konsulent, administrasjon, kontormedarbeider
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447396341
- Sist endret