Lærlingar i IT-driftsfaget
Helse Vest IKT
- Frist 16.02.2026
- Ansettelsesform Lærling
Lærlingar i IKT-driftsfaget
Sjukehussektoren er i ei rivande utvikling. Sikker og moderne IKT er ein viktig bidragsytar for at sjukehusa skal kunne drive effektivt og godt, også i framtida. Helse Vest IKT har ansvar for produksjon av IKT-tenester til alle sjukehus i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit. Med omlag 1500 system, 4000 serverar og i overkant av 30 000 sluttbrukarar, er vi blant dei største IKT-miljøa på Vestlandet.
I år skal vi rekruttere tre lærlingar innan IT-driftsfaget til eit skreddarsydd opplegg for lærlingar, der fleire av våre områder er involvert. Du vil få brei kompetanse og moglegheita til å bli kjent med ein verksemd som har eit viktig, meiningsfylt og samfunnsnyttig oppdrag; nemleg å effektivisere pasientbehandlinga.
Arbeidsstad er i Bergen.
Arbeidsoppgåver
I løpet av læretida på to år vil du mellom anna lære om hardware, software, brukarsupport 1.-3.linje, nettverk, server, varebestilling, vareleveranse, og skybaserte tenester.
Kvalifikasjonar
- Du har fullført og bestått VG1 ITM/Informasjonsteknologi og medieproduksjon og VG2 IT/Informasjonsteknologi innan august 2026.
- Du har oppnådd vurderinga "god" i både orden og åtferd i VG1 og VG2.
- Du har lite fråvær i VG1 og VG2.
- Du har grunnleggende kompetanse innen IT.
- Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Personlege eigenskapar
- Vi har tilsette som er ulike i veremåte og arbeidsform, og det liker vi!
- Du kan vere mykje forskjellig og likevel passe veldig godt inn hos oss.
- Men nokre grunnhaldningar er vi likevel ute etter, som ærlegdom, fagleg interessert og arbeidsvillig.
- Du er også pliktoppfyllande og lojal, kan og vil samarbeide, og du har god ordenssans.
- Du er nysgjerrig, liker å jobbe med andre og vet at det er smart å spørre når du lurer på noe.
Vi tilbyr
- Ein allsidig opplæring i ein offentleg verksemd.
- Brei kompetanseutvikling gjennom varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver.
- Gode arbeidsverktøy.
- God oppfølging både fagleg og sosialt av mellom anna fagleg leiar og instruktørar.
- Eit uformelt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Moglegheit til å fordype deg i eit eller fleire fagområder etter interesse.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- ICT Hardware
- Servere (IT)
- User support
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
it-driftsfaget, lærling, it
Annonseinformasjon
- FINN-kode 444906751
- Sist endret


