
Kommunikasjonsrådgivar
Helse Bergen HF
- Frist 15.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Kommunikasjonsrådgjevar
Vi søkjer ein erfaren kommunikasjonsrådgjevar som ønsker å bidra til gode brukaropplevingar for pasientar og pårørande ved sjukehuset, som har høg digital kompetanse og vil jobbe med eit viktig samfunnsoppdrag.
Som kommunikasjonsrådgjevar i Helse Bergen vil du få jobbe med innhald i ulike digitale kanalar ut mot pasientar og pårørande. Du vil få ei viktig rolle i arbeidet med behandlingstekstar i Helse Bergen, i samarbeid med koordinator for pasientinformasjon. Du vil vere med på å, bygge tillit og gjere helsefagleg kunnskap tilgjengeleg og forståeleg for alle. Hos oss får du samarbeide med kollegaer frå mange ulike fagfelt.
Arbeidsoppgåver
- Gje kommunikasjonsfagleg støtte til klinikkane i sjukehuset om pasientinformasjon
- Vere pådrivar i produksjon og oppdatering av pasientinformasjon i sjukehuset
- Delta i arbeid med opplæring, i samarbeid med koordinator for pasientinformasjon
- Kommunikasjons- og webfagleg rådgjeving til avdelingane i sjukehuset
- Vere strategisk kommunikasjonsrådgjevar for sjukehuset sine ulike aktivitetar og prosjekt
- Utføre andre oppgåver innanfor kommunikasjonsavdelinga sine arbeidsområde
Kvalifikasjonar
- Det er ein fordel med erfaring frå kommunikasjonsarbeid i store og komplekse organisasjonar
- Kunnskap om klarspråk, universell utforming, nettsidestruktur og digitale kanalar
- Utdanning innan kommunikasjon og/eller helsefag
- Det er ein fordel med erfaring frå sjukehus, men ikkje eit krav
- Kjennskap til offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar
- Engasjert og trivst med høgt arbeidstempo
- Kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Strukturert og god gjennomføringsevne
- Fleksibel og endringsvilleg
- Initiativrik og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver i ein stor, kunnskapsbasert organisasjon
- Moglegheit til å utvikle god pasientinformasjon
- Høgt tempo og gode kollegaer
- Fleksibel arbeidskvardag
- Fagleg utvikling
- Løn etter avtale som rådgjevar
- God pensjonsordning i KLP
- Godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Digitale markedskanaler
- Helsevitenskap
- Universell utforming
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kommunikasjonsrådgiver, Pasientinformasjon, kommunikasjonsrådgivar, Haukeland sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442961606
- Sist endret

