
Kontrollingeniør vegutbetringsprosjekt
Statens vegvesen
- Frist 7.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å forme framtidas vegnett?
Vi ser etter to engasjerte kontrollingeniørar som vil bidra til å realisere varierte og spennande prosjekt i vårt område.
Som kontrollingeniør får du ei sentral rolle i ulike vegprosjekt gjennom planleggings-, prosjekterings- og byggefase. Prosjekta vil hovudsakleg vere langs E39, E134 og rv.13 i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Du vil som kontrollingeniør arbeida tett saman med våre byggeleiarar og prosjektleiarar, og med ulike entreprenørar. Hos oss får du ein variert kvardag med mange ulike arbeidsoppgåver og problemstillingar, og du blir ein del av et godt fagmiljø som vil gje deg god opplæring og oppfølging.
Stillinga er plassert i seksjon Plan og utbygging vest 2. Seksjonen har ansvar for å planleggje og gjennomføra vegprosjekt på riksvegnettet i vårt geografiske område. Vi har eit breitt spenn i type prosjekt knytt til utbetring og nybygging på/langs eksisterande riks- og europavegnett.
Kontorstad for stillingane er Haugesund eller Stord.
Arbeidsoppgåver
ansvar for utarbeiding av kontrollplanar
gjennomføre kontrollar etter fastsett kontrollplan, rapportere og følgje opp kvalitet
vere ein del av byggjeleiinga som følgjer opp kontrakt med entreprenør
jobbe i digitale verktøy for bl.a. innsyn og kontroll i digitale modellar av det som er prosjektert og som skal byggjast
delta aktivt i HMS-arbeidet.
bistå byggjeleiar med kontraktsoppfølging
andre relevante byggherreoppgåver
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling - både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle - for deg og meg - og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
Fleksitid og avspasering - vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
God pensjonsordning og lån - trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
Trening i arbeidstida - moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
Fagleg påfyll - mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen (https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/hvorfor-jobbe-i-statens-vegvesen/ansattgoder/)
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:
relevant utdanning frå høgskule eller universitet, minimum 3 år. Omfattande og relevant erfaring innanfor de aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning
erfaring med bygging eller drift og vedlikehald av veg
førarkort klasse B
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Det er i tillegg ønskjeleg at du har:
kjennskap til digitale arbeidsverktøy for modellbasert gjennomføring av prosjekt, og gjerne bruk av landmålingsutstyr
erfaring med kontraktsoppfølging
Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning - jobb i Norge | HK-dir (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet)
Personlege eigenskapar:
Det er avgjerande at du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, då stillinga inneberer mykje samarbeid med både interne og eksterne aktørar. Me ser òg etter deg som er sjølvstendig og har god gjennomføringskraft, og som trivast med noko reising og å bruke tid ute på anlegg. Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Om søknadsprosessen
Krav til søknaden
Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekk
For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering.
Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket på kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.
Positiv særbehandling
Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehald har vi ansvaret for løpande heilårleg drift av riksvegane, inkludert ferje. Vi er ein digital, kompetent og profesjonell vegeigar som tek vare på og utviklar riksvegane.
Drift og vedlikehald har rundt 900 medarbeidarar over heile landet, og ei årleg omsetning på om lag 17 milliardar kroner. Les meir om divisjon Drift og vedlikehald her: https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/hvorfor-jobbe-i-statens-vegvesen/ta-vare-pa-vare-veier/
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Kvaløygata 1, 5537 Haugesund
- Flere arbeidssteder: Vabakkjen 7, 5404 Stord
- Bransje: Bygg og anlegg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygg/Anleggsleder, Ingeniør, Kvalitetssikring
Nøkkelord
kontrollingeniør, vegprosjekt, byggingeniør, kontraktsoppfølging, vedlikehald
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442868358
- Sist endret