Einingsleiar i heimetenesta
Alver kommune
- Frist 12.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du være med og utvikle heimetenesta i Alver?
Om stillinga som Einingsleiar
Me har ledig to faste 100% stillingar som Einingsleiar ved Knarvik heimeteneste, og ved Lindås heimeteneste.
Einingsleiar jobbar tett med assisterande einingsleiar , fagansvarleg og driftskoordinator i eiga avdeling i den daglege drifta.
Avdeling Knarvik har også ansvar for den ambulerande natt tenesta for heimebuande.
Heimetenesta er i ei spanande utvikling, og implementering av velferdsteknologi er eit viktig satsingsområde.
Me har jobba over tid med heiltidskultur, og er i ein prosess med tenestestyrt bemanning og oppgåvedeling for å kunne yte gode og bærekraftige tenester i framtida.
Einingsleiarsleiar skal saman med dei andre einingsleiarane i heimetenesta og tenesteleiar være med på å utvikle tenesta og bidra til felles kulturbygging. Som ein del av leiarteamet i heimetenesta er du med på å drive internt organisasjonsarbeid, for å sikre likeverdige, gode og bærekraftige tenester i framtida.
Alver kommune er i ein omstillingsprosess " Alver kommune i endring og omstilling 2026" der me saman skal byggje Alver-laget for framtida.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for at den daglege drifta er planlagt, koordinert og gitt etter gjeldande lovverk og interne rutinar
- Økonomistyring i henhold til budsjett, månadleg økonomirapportering med utarbeiding av prognose
- Personalansvar
- Samarbeid med andre heimetenesteavdelingar og andre samarbeidspartar
- Sikre at tenesta er fagleg og etisk forsvarleg
- HMS ansvar
- Ansvar for å leie avdelinga gjennom endring og omstilling.
- Sikre brukarmedverknad og samhandling med pårørande.
- Ansvar for å sikre eit godt partssamarbeid mellom leiar, verneteneste og tillitsvalde
Kvalifikasjonskrav
- 3 årig bacherlorutdanning i sjukepleie
- Norsk autorisasjon
- Relevant leiarkompetanse med erfaring frå arbeid med økonomi, fag og HMS arbeid
- Erfaring med- og god kunnskap om heimetenestedrift
- Ynskjeleg med erfaring frå endring, omstilling og forbetringsarbeid
- Heimetenesta har årsturnus og det er ønskeleg med erfaring i å utarbeide turnus.
- God IKT- kunnskap.
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" ( test i norsk på høgare nivå)
Personlege eigenskapar
Vi søker ein medarbeidar som er brukar- og serviceorientert, med god kommunikasjonsevne både munnleg og skriftleg. Du er tydeleg, fleksibel og engasjert. Evnen din til å skape gode relasjonar, motivere og sjå moglegheiter er viktig. Du har eit sterkt ønske om å utvikle avdelinga, og du ser eiga avdeling som ein del av heile heimetenesta
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit fagleg godt arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
- Høve til å være med å påverke og utforme heimetenesta
- Støtte og fellesskap i leiarteamet
- God pensjonsordning, yrkesskade - og gruppelivsforsikring
- Spennande og variert arbeidskvardag i ei viktig teneste i kommunen
- Leiaropplæring
FerdigheterAI-generert
- Bergenstesten
- Budsjettarbeid
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Kunnskap om teknologi
- Lage vaktlister
- Månedlige rapporter
- Økonomistyring
- Sykepleievitenskap
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Som medarbeidar hos oss har du ein spanande og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har avdelingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik, Ostereidet, Alversund og Lindås.
Kvar avdeling er organisert med eigen einingssleiar og assisterande einingsleiar.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Kvassnesvegen, 5914 Isdalstø
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442515288
- Sist endret
