
Personalrådgjevar
Helse Bergen HF
- Frist 11.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Personalrådgjevar
Ønskjer du å bidra til å gjere leiarane ved Haukeland universitetssjukehus gode i HR-feltet?
Personal- og organisasjonsavdelinga er sjukehuset sitt samla fagmiljø for rådgjeving og utviklingsstøtte innanfor HR-feltet.
Avdelinga er eit av dei største kompetansemiljøa på Vestlandet innan personal og organisasjon, med over 70 kompetente og erfarne medarbeidarar fordelt på fem einingar. Vi har eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarar med ulik bakgrunn og kompetanse utfyller kvarandre, deler kunnskap og samarbeider på tvers.
Les meir om avdelinga
Seksjon arbeidsmiljø- og personalrådgjeving har 16 rådgjevarar og er føretaket sitt kompetansemiljø for å støtte og utvikle personalpolitikk, arbeidsrett, arbeidsmiljø/HMS og ytre miljø. Seksjonen samarbeider tett med kliniske einingar i føretaket, andre einingar i Personal- og organisasjonsavdelinga og andre stabseiningar i føretaket.
Vi søkjer no ein erfaren personalrådgjevar med brei kunnskap innan HR-feltet. Tidligare leiarerfaring vil komme godt med i rolla som rådgjevar hos oss. Samstundes er det viktig at du forstår og trivst i rolla som rådgjevar i ein stor og kompleks organisasjon.
Arbeidsoppgåver
- Rådgjeving og bistand til leiarar innan HR-feltet
- Råd og bistand innan ulike arbeidsrettslege område
- Ressursperson innan regelverk og saksbehandlingsreglar
- Opplæring og undervising innan relevante fagområde
- Delta aktivt i utvikling av personalpolitikken i føretaket
- Delta aktivt i utvikling av leiarverktøy og styrande dokumentasjon innan relevante fagområde
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå
- Fleire års arbeidserfaring innan HR-feltet
- God kjennskap til arbeidsrett, gjerne med juss i fagkretsen
- Leiarerfaring er ønskjeleg
- Erfaring frå arbeid med endring og omstilling er ønskjeleg
- Gjerne erfaring frå store, komplekse organisasjonar, gjerne helsevesen
- God digital kompetanse
- Du er trygg og presis i både munnleg og skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Fagleg trygg
- Du arbeider strukturert og systematisk
- Du er analytisk, med god gjennomføringsevne
- Du skaper tillit og god dialog
- Du er lojal til sjukehuset sine verdiar og speglar desse i veremåten din
- Du har god organisasjonsforståing, tenker heilskap og evner å sjå komplekse samanhengar og dilemma
- Du er open og nysgjerrig, har evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold og finne samlande løysingar
- Du arbeider godt saman med andre
Vi tilbyr
- Eit kompetent, erfarent og engasjert fagmiljø med gode kollegaer
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn etter avtale
- Konkurransedyktig pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Juridisk bistand
- Kunnskap innen arbeidsrett
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Utforme retningslinjer
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
personalrådgiver, personalrådgjevar, helse bergen
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442414732
- Sist endret


