IKT-konsulent Nettverk og Informasjonssikkerheit
Linja AS
- Frist 18.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søker ein engasjert kollega til teknologiteamet vårt
Vi søker ein engasjert og fagleg sterk IKT-konsulent til teamet vårt for nettverk og informasjonssikkerheit. Linja har store ambisjonar og eit viktig samfunnsoppdrag. Hos oss får du ein sentral rolle i å vidareutvikle, beskytte og drifte samfunnskritisk infrastruktur.
Vil du vere med og sikre og utvikle kritisk infrastruktur? Framtidas straumnett treng akkurat deg til dette!
LInja byggjer og driv straumnettet mellom fjordar og fjell frå Sunnfjord i sør til Trøndelag i nord. Det gjer det mogleg å bu, arbeide og drive eit nyskapande næringsliv her. Mange av stillingane vår har valfri opmøtestad. Det gjer livet litt meir fleksibelt for deg - vi kan finne gode løysingar for den rette kandidaten! Ålesund, Dragsund, Florø, Sandane eller Stryn er aktuelle lokasjonar. Linja er eit av dei største nettselskapa i landet. Vi er 287 tilsette, som inkluderer 19 lærlingar. Vi forsyner over 105 000 kundar med straum i nettområdet.
Arbeidsoppgåver
Vidareutvikling og drift av kjernenett, aksess/kantnett og transmisjon
Feilsøking og feilretting på kritisk nettverksinfrastruktur, både frå kontor og ute på stasjonar
Oppfølging av leverandørar og samarbeidspartnarar, inkludert bestillarkompetanse og prosjektarbeid
Bidra til design, kravspesifikasjon og implementering av nye kommunikasjonsløysingar
Støtte i handtering av hendingar og sikkerheitsoppfølging innan både IT og OT
Dokumentasjon og kontinuerleg forbetring av rutinar og prosessar
Dine kvalifikasjonar
Utdanning innan IKT/nettverk/sikkerheit (bachelor, master eller tilsvarande)
Relevant erfaring og kompetanse kan kompensere mangel på høgare utdanning.
Minst 2–5 års erfaring med drift av større nettverksinfrastruktur, gjerne innan kritisk infrastruktur
Kompetanse på MPLS, SD-WAN og/eller andre relevante kommunikasjonsteknologiar
Erfaring med brannmurteknologi og sikkerheitsløysingar
Kjennskap til fiber, radio, 4/5G eller andre transmisjonsmedium
Interesse for informasjonssikkerheit og kritisk infrastruktur
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Vi tilbyr deg
Arbeid med samfunnskritisk teknologi og bidra til sikker straumforsyning i eit stort geografisk område
Moglegheit til å påverke og vidareutvikle selskapet si nettverks- og sikkerheitsinfrastruktur
Spennande og varierte arbeidsoppgåver og tett samarbeid med dyktige kollegaer og eksterne partnarar
Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetansebygging
Konkurransedyktig løn, attraktive pensjons- forsikrings- og velferdsordningar
Fleksible ordningar for arbeidstid og heimekontorordning
Morgendagens samfunn krev både meir, og stadig sterkare nett. I denne stillinga vil du vere ei viktig brikke for ei meir berekraftig framtid. Bli med på denne reisa, vi gler oss til å motta søknaden din!
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk for å blant anna verifisere opplysningar i CV og anna tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekken blir gjennomført av Semac AS etter at kandidat er orientert om og har godkjent dette.
Ferdigheter
- 5G
- Dokumentasjon
- Informasjonssikkerhet
- IT Network and Information Security
- Multiprotocol Label Switching
- Nettverksinfrastruktur
- Radionett
- Software-defined wide area network (SD-WAN)
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Linja er eit av dei største nettselskapa i landet. Vi er 287 tilsette, som inkluderer 19 lærlingar. Vi forsyner over 105 000 kundar med straum i nettområdet vårt.
- Sektor: Privat
- Sted: Høgvollvegen 15, 6018 Ålesund
- Flere arbeidssteder: Kyllervegen 6, 6906 Florø, Industrivegen 6, 6080 Gurskøy
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: IT, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Dataingeniør, IT-sikkerhet, Konsulent
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
ikt, nettverk, informasjonssikkerheit, infrastruktur, kommunikasjonsløysingar
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442385794
- Sist endret
