Rådgjevar/seniorrådgjevar - to faste stillingar innan naturmangfald
Statsforvaltaren i Vestland
- Frist 11.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bidra til å ta vare på viktig natur og naturverdiar i Vestland?
Om stillinga
Dette er ei unik moglegheit for deg som vil ta del i eit sterkt fagmiljø og bidra til å ta vare på viktig natur og naturverdiar i Vestland.
Statsforvaltaren i Vestland søkjer etter to engasjerte økologar/biologar/naturforvaltarar for å styrke fagmiljøet vårt i Leikanger og Bergen.
Miljøavdelinga vert leia frå Bergen, og har 42 tilsette i to seksjonar; naturmangfald og forureining.
Kontorstad for stillingane er Bergen eller Leikanger.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid med verneområdeforvaltning, utgreiing av nytt vern og oppfølging av verneprosessar.
- Planlegge og gjennomføre naturrestaureringsprosjekt .
- Arbeid med rovvilt og villreinoppgåver, og vareta sekretærfunksjon for rovviltnemnd og villreinnemnder.
- Sakshandsaming innan seksjonen sitt ansvarsområdet.
- Informasjon, rettleiing og fagleg formidling.
Andre oppgåver kan og bli aktuelle, alt etter kva oppgåver som er prioriterte, og kva erfaring og kompetanse søkjarane har.
Kvalifikasjonar
- Naturfagleg utdanning på masternivå (lang relevant erfaring kan kompansere for utdanningskravet)
- Førarkort klasse B
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (nynorsk)
Det er ønskjeleg med erfaring frå eitt eller fleire av desse områda:
- Offentleg naturforvaltning
- Prosjektleiing eller koordinering av arbeid
- NiN-kartlegging, klima, naturbaserte løysingar, naturrestaurering, villrein, rovvilt, GIS-system, formidling
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- arbeider strukturert og sjølvstendig, og leverer i tide
- er initiativrik, fleksibel og positivt innstilt til å arbeide med ulike oppgåver innan naturforvaltning
- har god rolleforståing og svært gode samarbeidsevner
- kommuniserer godt med kollegaer og eksterne aktørar
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- delvis heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland (https://www.statsforvalteren.no/nn/vestland/om-oss/vil-du-jobbe-hos-oss/)
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 610 000-770 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok (https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/statens-personalhandbok/id3081747/).
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
FerdigheterAI-generert
- Biologi
- Naturforvaltning
- Naturrestaurering
- Naturvitenskap
- Økologi
- Viltforvaltning
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442176206
- Sist endret

