Journalist/Frontredigerer
AS Setesdølen
- Frist 02.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Setesdølen søkjer journalist/frontredigerer
Vil du bli journalist i eit av Noregs mest varierte og særmerkte bygdesamfunn?
Vi er ute etter kandidatar med tilhald i heile Setesdal.
Setesdal er eit variert og spennande dekningsområde med mykje natur, kultur, og mange festivalar og friluftsliv. Frå fjellvidder på Hovden med hyttebygging og eit pulserande reiseliv, til badestrender langs Byglandsfjorden, og stadsutviklinga til regionsenteret på Evje er det eit breitt spekter av samfunnsliv me dekkjer.
For oss er det utruleg spennande å følgje utviklinga i Setesdal tett og vere først ute med nyheiter som også vekker regional og av og til også nasjonal merksemd. Samtidig er det også svært viktig for oss å stille dei kritiske spørsmåla i eit bygdesamfunn der utviklinga går i eit rivande tempo.
Vi er etter måten ein ung og framoverlent redaksjon, og ønsker å utvide den med ein offensiv journalist/frontredigerar i 100 % fast stilling.
Frontredigeringsjobben blir delt på av fleire i redaksjonen og går difor stort sett på rundgang.
Dette kan vi tilby:
- Ein spennande og variert arbeidskvardag, der du vil påverke og sette ditt preg på produktet vi serverer våre lesarar.
- Stor fridom under ansvar.
- Du vil bli ein del av ein redaksjon med stor takhøgde.
- Du vil få arbeide med alle stoffområde i eit lokalsamfunn med stor variasjon og spennande utvikling.
- Du blir ein del av eit stort og spennande kompetansemiljø gjennom Polaris Media Sør.
- Har du av og til behov for heimekontor, legg vi sjølvsagt til rette for det.
- Får store mulegheiter til å reise ut på oppdrag i ein langstrekt og vakker dal.
Dette ventar vi av deg:
- At du har gode digitale ferdigheiter og forståing av sosiale medier.
- At du må ha stor sans for foto og glede av å formidle, og finne dei gode historiene
- At du er sjølvstendig og dermed også evnar å grave fram eigne saker.
- At du er effektiv og også presterer godt under press.
- At du er ein lagspelar og blir trigga av å skape gode resultat i samarbeid med dine kollegaer.
- Du må ha førarkort og disponere eigen bil.
- Du må kunne skrive nynorsk.
Lurer du på noko?
Då må du gjerne ta kontakt for ein prat med: Ansvarleg redaktør Olav Åsen Haugsgjerd.
Vår ambisjon er å bidra til ein mangfaldig samfunnsdebatt og ønsker at vår arbeidsstyrke skal reflektere samfunnet vi lever i. Vi ønsker å tiltrekke oss medarbeidarar med ulik fagkompetanse, erfaring, personlege eigenskapar, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi fokuserer på kvalifikasjonskrava og er opptatt av ditt engasjement for stillinga.
Høyrest dette interessant ut, trykk på søkje-knappen og registrer din CV og søknad. Me vurderer søknadene løpande for tilsetting. Siste søknadsfrist for stillinga er 2.januar.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Nynorsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: 4745 Bygland
- Bransje: Medie- og innholdsproduksjon
- Stillingsfunksjon: Journalist
Annonseinformasjon
- FINN-kode 440356930
- Sist endret