PROGRAM- OG ARRANGEMENTSANSVARLEG, SKIFTE
Det Vestnorske Teateret AS
- Frist 29.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere vår nye programansvarlege og vert på barscena vår?
Det Vestnorske Teateret programmerer på tre ulike scener. Skifte er vår minste scene, og er tilknytt teateret sin bar. Her har vi eit variert tilbod og høg aktivitet. Vi har som mål å ha minst 50-60 arrangement i året.
Om stillinga
Program- og arrangementsansvarleg (programansvarleg) har eit overordna ansvar for innhaldet i Skifte, i samarbeid med teatersjef. Hen er òg ansvarleg for gjennomføring, og det er forventa at vedkomande er til stades på dei fleste arrangementa.
Programmeringa blir gjort i tråd med teateret sin strategiplan, og skal samsvare med Det Vestnorske Teateret sin profil.
Programansvarleg har eit eige budsjett. Det er forventa at ein kan arbeide innanfor dei økonomiske rammene, og nytte midlane på ein effektiv og inkluderande måte. Vi vektlegg mangfald i programmeringa, både når det gjeld medverkande og publikum.
Programansvarleg har ansvar for å forhandle rammer og honorar med alle medverkande.
Programansvarleg utarbeider marknadsmateriale i samarbeid med marknadsavdelinga.
Det er òg ønskjeleg at hen medverkar til aktivitet på sosiale media.
Det Vestnorske Teateret er ein viktig nynorskinstitusjon både i Vestland fylke og nasjonalt, og du må meistre nynorsk som arbeidsspråk. Stillinga er 80%. Løn etter tariff.
Rapportering
Programansvarleg rapporterer til teatersjef i redaksjonelle og kunstnarlege saker, og til økonomisjef og direktør med omsyn til økonomiske spørsmål. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Teatersjefen har personalansvar for programansvarleg.
Tiltreding i stillinga frå 1. februar 2026, eventuelt etter nærare avtale.
Søknadsfrist: 29. desember 2025
Søkjarlista er offentleg. Det må særskilt grunngjeving til for å få unntak frå offentleggjering frå søkarlista. For spørsmål om søknad og stillinga kan du kontakte teatersjef Thomas Bye på mob.: 907 56 479 / e-post thomas@detvestnorsketeateret.no
Søknad kan sendast til stilling@detvestnorsketeateret.no eller på Finn.no
Ferdigheter
- Budsjett- og økonomioppfølging
- Finansiell rapportering
- Nynorsk
- Rapportering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Det Vestnorske Teateret er eit leiande nynorsk teater for Vestlandet. Vi nyttar både nynorsk og dialekt som scenespråk. Vår identitet er forankra i den vestnorske kulturen. Teateret har eit høgt ambisjonsnivå med fokus på ny norsk dramatikk og publikumsvekst. Teateret med sine tre scener held til på Ole Bulls Plass i sentrum av Bergen. Teateret engasjerer 25 årsverk, fordelt på teknisk avdeling, kunstnarleg lag, og administrasjon. Drifta har tilskot frå stat og fylkeskommune. Den største eigaren er Vestland fylkeskommune
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Koordinering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
teater, arrangement, programansvarleg, mangfald, sosiale media
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441549362
- Sist endret
