Lydteknikar
Det Norske Teatret
- Frist 21.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe som lydteknikar ved landets største teaterhus?
To av medarbeidarane våre blir no pensjonistar, og vi lyser derfor ut to ledige faste stillingar som
Lydteknikar
Vi søkjer deg som har solid teknisk kompetanse, eit blikk for teater og eit øyre for god lyd. Som lydteknikar blir du ein sentral del av produksjonsarbeidet, både i prøvetida og under framsyningane, hovudsakleg på Hovudscenen og Scene 2.
Du vil inngå i teaterets lydavdeling og ha ansvar for alle typar lydtekniske oppgåver. Dette inkluderer planlegging, programmering og avvikling av framsyningar, samt deltaking i produksjonsløpet for tildelte framsyningar. Du jobbar tett med andre fagfunksjonar på scenen, kollegaer i lydavdelinga og det kunstnarlege teamet.
Utdanning og erfaring/ønskte kvalifikasjonar
høgare utdanning og/eller relevant erfaring innan lydfeltet
erfaring med Q-lab
god kjennskap til trådlause system
erfaring med ein eller fleire DAW
god datakunnskap og kjennskap til nettverk
erfaring frå innspeling og redigering av lyd er ein fordel
Personlege eigenskapar
gode samarbeidsevner og teknisk innsikt
evne til å halde roen i hektiske situasjonar
tydeleg og rask i kommunikasjon – særleg viktig i produksjonsarbeid
god forståing for teaterproduksjon og kunstnarlege prosessar
strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
allsidig og lærevillig
Vi tilbyr
ein spanande og utfordrande jobb i eit kreativt og hektisk miljø
stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
god kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
gunstig ferieordning
lønn etter tariff
Som lydteknikar har du 35,5 timars veke. Du følgjer prøvar, rigging og framsyningar. Arbeidstida vil variere mellom dag, kveld og helg.
Arbeidsstaden kan variere, og er styrt av kor vi til kvar tid speler teater.
Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje.
Ferdigheter
- Lydredigeringsprogramvare
- Lydteknikk
- Teknisk innsikt
- Trådløs teknologi
Om arbeidsgiveren
Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi har som mål å vere eit djervt, ope og engasjerande teater dit folk søkjer for refleksjon, oppleving og underhaldning. Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scener.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Utøvende kunst
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
lydteknikar, teater, trådlause system, q lab
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 440372129
- Sist endret
