
Ledig stilling innen informasjons- og dokumentasjonsforvalting
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
- Frist 04.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Har du interesse for dokumentasjonsforvalting og kunstig intelligens?
Om stillinga og avdelinga
Vi søkjer ein engasjert og lærevillig førstekonsulent innan dokumentasjonsforvaltning til vårt kontor i Bergen. Er du opptatt av gode arbeidsprosessar, digitalisering og moglegheitene innan kunstig intelligens? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Avdeling for informasjons- og dokumentasjonsforvalting har i dag 13 faste tilsette, fordelt på kontor i Bergen og Oslo. Avdelinga har ansvaret for å legge til rette for ei heilheitleg informasjonsforvalting, og at direktoratet følgjer lover og reglar innan dokumentasjonsforvalting. Fagområda er i stor utvikling, og vi treng ein førstekonsulent som kan sjå moglegheiter for standardisering og automatisering av arbeidsprosessar, og bruken av kunstig intelligens (KI).
Arbeidsoppgåvene vil vere
- Postmottak, journalføring og kvalitetskontroll
- Handsaming av innsyn og offentleg journal
- Opplæring, støtte og rådgjeving til sakshandsamarar
- Vedlikehald og vidareutvikling av prosedyrar og rettleiingar for saksbehandling og arkiv
- Arbeid med dokumentasjonsplan, internkontroll og automatisering av arbeidsprosessar ved hjelp av KI
- Deltaking i arkivfaglege prosjekt
Kva kvalifikasjonar treng vi?
Du må ha:
- høgare utdanning på minimum bachelornivå innan relevante fagområde. Vi oppmodar nyutdanna til å søkje.
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er i tillegg eit føremon om du har:
- erfaring med M365 og sak- og arkivsystem, fortrinnsvis Public 360
- erfaring innan dokumentasjonsforvaltning i offentleg verksemd
- interesse for prosessforbedring og bruk av KI
- kjennskap til relevant lov- og regelverk
Vi ønskjer at du:
- er fleksibel og omstillingsdyktig
- har gode evner til å samarbeide og kommunisere internt i avdelinga og direktoratet
- arbeider strukturert og nøyaktig
- er løysingsorientert og ser etter nye moglegheiter
Hos oss får du:
- eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
- høve til kompetanseheving fagleg utvikling
- fleksibel arbeidstidsordning og høve for å jobbe heimanfrå delar av arbeidstida
- høve til trening i arbeidstida med inntil to timar i veka
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode pensjons- og låneordningar
Lønsvilkår
- lønsplassering etter kompetanse som førstekonsulent, med ei årsløn på mellom
kroner 520 000 og 600 000 - to prosent trekk til lovfesta innskot i Statens pensjonskasse
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten). Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova § 25. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand.
Søknad og CV
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi oppmodar deg om å gje tilgang til vitnemålsportalen.
Kontaktperson
Namn: Henriette Olderøy
e-post: henrietter.olderoey@hkdir.no
telefon: +47 400 66 106
FerdigheterAI-generert
- Ansvar for varemottak og postmottak
- Automatisering av forretningsprosesser
- Digitalisering
- Dokumentasjonsforvaltning
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Kunstig intelligens
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Direktoratet for høgre utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltingsoppgåver innan høgre utdanning, høgre yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrkje det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar.
Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.
Les meir om HK-dir her
Vi har kontor i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Fortunen 1, 5013 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Dokumentasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441033777
- Sist endret


