
Trainee
Vestland fylkeskommune
- Frist 12.01.2026
- Ansettelsesform Trainee
Trainee - Økonomi
Arbeidsoppgåver
Er du engasjert i berekraft og det grøne skiftet, og er du opptatt av korleis kollektivtransport og nye mobilitetstenester skal bidra til å løyse store og viktige utfordringar i by og land i Vestland? Vil du vere med å bidra til at alle dei som bur og reiser her skal oppleve eit mobilitetstilbod som er enkelt å bruke og best mogleg tilpassa reisebehovet?
Er du i tillegg interessert i store tal? Vestland fylkeskommune brukar over seks milliardar kroner i året på buss, bybane, båt og ferje. På finansieringssida er god styring og bruk av både offentlege tilskot og brukarane si betaling avgjerande for både fylkeskommunen sin økonomi og innbyggjarane sin tillit til tenestene og dei politiske prioriteringane som ligg bak.
Traineestillinga er plassert i Vestland fylkeskommune si avdeling for mobilitet og kollektivtransport og Skyss. Som trainee vil du få moglegheit til å jobbe med alt frå grunnlaget for politiske prioriteringar og oppdragsbrev til oppfølging av budsjett og utarbeiding av prognosar.
Vi søkjer etter ein kandidat som har mot til å starte karrieren sin innan eit tenestefelt som det er stort politisk og offentleg engasjement og merksemd rundt, og som står ovanfor stor kostnadsauke og harde prioriteringar i åra som kjem.
Kvalifikasjonar
- Du har mastergrad eller høgare som siviløkonom, samfunnsøkonom eller statsvitar med fordjuping i offentleg politikk/politisk økonomi.
- Du er nyutdanna med maksimalt tre års erfaring etter studiar. Nyutdanna ph.d.-ar kan også søkje.
- Du må beherske norsk som arbeidsspråk
Personlege eigenskapar
- Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig
- Du er nysgjerrig og lærevillig
- Du har gode samarbeidsevner og likar å jobbe i team, men du likar også å ta ansvar og kan jobbe godt sjølvstendig
- Du er opptatt av å forstå behov og korleis du kan bidra
- Du kommuniserer godt munnleg og skriftleg
- Du er samfunnsengasjert og har god forståing for politikk og samfunn
- Du er strukturert og nøyaktig
- Du har evne til å handtere og analysere på bakgrunn av store datamengder
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- Ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- Ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn i tråd med traineeordninga til Vestland fylkeskommune
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Eigen mentor
- Tett samarbeid med leiarar som har høvesvis ph.d. i offentleg politikk og lang erfaring frå det offentlege, og siviløkonom NHH med lang erfaring frå privat næringsliv
Som deltakar i traineeprogrammet til Trainee Vest får du:
- Utviklingsprogram gjennom Trainee Vest
Traineestilling hjå oss føreset deltaking i Trainee Vest/Bergen Næringsråd sitt traineeprogram og Vestland fylkeskommune sine eigne traineesamlingar. Oppstartsdato for traineestilling føljer Trainee Vest sitt årshjul.
FerdigheterAI-generert
- Analyse av stordata
- Kostnadskalkulering
- Norsk
- Offentlig politikk
- Statsøkonomi
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Økonomistyring og budsjettering, Samfunnsøkonomi
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
trainee, økonomi, samferdsel, kollektivtransport, økonom
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441119229
- Sist endret