Assisterande einingsleiar Manger heimeteneste
Alver kommune
- Frist 15.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og utvikle heimetenesta i Alver?
Om stillinga som Assisterande Einingsleiar
Stillinga som assisterande einingsleiar er ei nyoppretta stilling som rapporterer direkte til einingsleiar. Assisterande einingsleiar har personal- og fagansvar i si avdeling, men har ikkje heilskapleg ansvar. Som assisterande einingsleiar kan ein få delegert enkeltoppgåver innan for eksempel økonomi og HMS- arbeid. Assisterande einingsleiar er ein del av avdelinga si leiargruppe.
Stillinga er ei dagstilling ( 37,5 t/v)
Ved ferieavvikling og anna kortvarig fråvær vil ein kunna få endra ansvarsområde/oppgåver innafor den ordinære stillinga som assisterande einingsleiar. Ved lengre fråvær av einingsleiar vil ein ved behov kunne verte konstituert jmf HTA § 13.4
Me har jobba over tid med heiltidskultur, og er i ein prosess med tenestestyrt bemanning og oppgåvedeling for å kunne yte gode og bærekraftige tenester i framtida.
Assisterande einingsleiar skal saman med einingsleiar i avdelinga være med på å utvikle tenesta og bidra til felles kulturbygging. Som ein del av leiarteamet i avdelinga er du med på å drive internt organisasjonsarbeid, for å sikre likeverdige, gode og bærekraftige tenester i framtida.
Alver kommune er i ein omstillingsprosess " Alver kommune i endring og omstilling 2026" der me saman skal byggje Alver-laget for framtida.
Arbeidsoppgåver
Personalansvar
- Direkte personalansvar for delar av personalgruppa i avdelinga
Fagansvar
- Saman med einingsleiar ha ansvar for å sikre at kvaliteten på tenestene er innanfor ramma av dei ressursane avdelinga disponerer.
- Ansvarleg for at fagområdet nyttar Kvalitetssystemet og tenesteproduksjonen og nyttar avvikssystemet i oppfylginga
- Gjennomføre internkontrolltiltak innanfor fagområdet
- Sørge for naudsynt fagleg samordning på tvers av linjeorganiseringa
- Ansvarleg for at dei tilsette samla sett har tilstrekkeleg og relevant kompetanse
- Ta initiativ til og gjennomføre fagleg forbetrings- og utviklingsarbeid
- Ansvarleg for ei brukar- og serviceorientert utvikling av tenester i fagområdet
- Sikre god løpande dialog med brukarar og pårørande
Kvalifikasjonskrav
Krav til kompetanse
- 3 årig bacherlorutdanning i sjukepleie
- Norsk autorisasjon
Førarkort klasse B
Ønska kompetanse
- Erfaring og god kjennskap frå arbeid i heimetenesta
- Erfaring og kjennskap med organisering av drift i heimetenesta
- God digital kompetanse
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" ( test i norsk på høgare nivå)
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter deg som er ein fagleg trygg sjukepleiar, og som ynskjer å leie andre. Du kan jobbe sjølvstendig, være strukturert og evnar å prioritere oppgåver ut frå dei krav som vert stilt til tenesta. I tillegg til å være fleksibel og ha god gjennomføringsevne, er du god til å motivere og rettleie personalet i den daglege drifta.
Du er løysingsorientert, har god kommunikasjonsevne, og er ein god rollemodell for dine kollegaer.
Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling
- Leiaropplæring
- Høg kompetanse i avdelinga med stort fokus på kvalitet i tenesta
- Dedikerte kollegaer som har brukar i fokus
- Allsidig og lærerikt arbeidsmiljø
- Lønn: Etter avtale
FerdigheterAI-generert
- Bergenstesten
- Digitale ferdigheter
- Internkontroll
- Kvalitetsstyringssystem
Om arbeidsgiveren
Heimetenesta i Alver er organisert i 6 ulike geografiske soner- Manger, Frekhaug, Knarvik, Alversund/Seim, Ostereidet og Lindås. Dagsentra for heimebuande er og organisert under heimetenesta , og samarbeider tett med avdelingane. Alle avdelingane nyttar Mobil Omsorg og me har eit stort fokus på velferdsteknologi.
Heimetenesta på Manger er lokalisert sentralt på Radøy. Avdelinga er samansett av sjukepleiarkompetanse, helsefagarbeidarkompetanse, heimehjelparar og assistentar.
Avdelinga har pr i dag ca 23 årsverk som gjev tenester til heimebuande på Radøy. Avdelinga har eit personale med god erfaring og kompetanse som har fokus på å levere gode tenester.
Heimetenesta er i ein omstillingsprosess der me jobbar med tenestenivå, oppgåvedeling og ressursfordeling for å nytte ressursane til det beste for dei me yter tenester til.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Idrettsvegen 2, 5936 Manger
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Eldreomsorg, Ledelse, Sykepleier
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 439094639
- Sist endret
