Kardiolog
Helse Fonna HF
- Frist 14.12.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Er du vår nye overlege i kardiologi og generell indremedisin?
Vil du jobbe på eit lokalsjukehus med stort fagleg spenn, akuttberedskap og eit sterkt fagmiljø?
Odda sjukehus er eit viktig sjukehus for Indre Hardanger, med eit befolkningsgrunnlag på rundt 11.000. Her har vi medisinsk og kirurgisk akuttberedskap, vi stabiliserer pasientar med akutte tilstandar og sørgjer for rask og trygg behandling før overflytting til større sjukehus.
Hos oss får du jobbe med pasientar innan både medisin og kirurgi. Me har akuttmottak, operasjon, anestesi, overvaking og sengepostar, og me samarbeider tett på tvers av fagområda. Som overlege hos oss blir du ein sentral del av eit erfarent og stabilt team med høg fagleg kompetanse.
Odda sjukehus har godt etablerte poliklinikkar, dagbehandling, dagkirurgi, røntgen og laboratorietstøttefunksjonar. Me har faste overlegar innan medisin, kirurgi og anestesi, og eit solid tverrfagleg miljø.
Velkomen til å søke hos oss! 👉 Trykk søkjeknappen no!
Les meir om vakre Hardanger her: Hardanger | Attractions overview
Kva går jobben ut på?
- Visitt, postarbeid på overvåking og sengepost og vakter.
- Arbeide ved kardiologisk poliklinikk.
- Bidra til intern undervisning, veiledning og supervisør for LIS 1.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon generell indremedisin og kardiologi.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som har:
- gode kommunikasjonsevne
- trivs med å jobbe på tvers av fag og yrkesgrupper
- kjennskap til DIPS arena og Meona er ein fordel
Kvifor skal du velje oss?
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Tilpassa arbeidstidsordning.
- Vi vektlegg bruk av informasjonsteknologi og vi bruker talegjenkjenning.
- Gode velferdstilbod for tilsette - vi har hytteutleige.
- Moglegheit for hjelp til bustad.
- Godt arbeidsmiljø.
FerdigheterAI-generert
- Akutt- og anestesipleie
- Akuttmedisin
- Allmennmedisin
- Kardiologi
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
kardiolog, odda, lege
Annonseinformasjon
- FINN-kode 439257892
- Sist endret


