
Forsknings- og utdanningssjef
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 08.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Forsknings- og utdanningssjef
Vil du stå i spissen for forsking og utdanning i eitt av Noregs mest nytenkjande helseføretak?
Helse Møre og Romsdal HF har dei siste åra styrkt satsinga på forsking og utdanning, og er no blant dei største forskingsmiljøa i fylket. Med over 60 tilsette med doktorgrad, over 40 PhD-kandidatar og eit veksande miljø av dedikerte forskarar og akademikarar i faste stillingar, er vi blant dei leiande helseføretaka i landet innan klinisk, pasientnær forsking – utanom universitetssjukehusa. Vi driv eigne studiar og deltek i nasjonale og internasjonale forskingsnettverk, og har eigne forskingspostar både i Ålesund og på Hjelset. Vi satsar òg tungt på innovasjon og nye teknologiske løysingar i heile føretaket.
Vi søkjer no ein tydeleg, strategisk og nytenkjande leiar til den nyoppretta Seksjon for forsking og utdanning (SFU) – ei samanslåing av dei tidlegare seksjonane for forsking, kliniske studiar og utdanning. Seksjonen ligg i Fagavdelinga under administrerande direktør, og har ansvar for å vidareutvikle forsking, utdanning og innovasjon i tråd med vårt oppdrag og den strategiske handlingsplanen vår. Arbeidet skjer i tett samarbeid med både interne fagmiljø og eksterne aktørar som universitets- og høgskulesektoren, kommunehelsetenesta og næringslivet.
Sjå meir om området vårt her
Arbeidsoppgåver
Som sjef for SFU får du resultat-, fag-, personal- og budsjettansvar innan ditt område.
Du vil:
- Leie seksjonen og bidra strategisk inn i fagavdelinga og føretaksleiinga.
- Vidareutvikle forsking, utdanning og innovasjon på tvers av heile helseføretaket.
- Leie DAC-gruppa og forskings- og innovasjonsutvalet.
- Byggje og styrkje forskingsmiljø som kan hevde seg nasjonalt og internasjonalt.
- Fremje ekstern forskingsfinansiering og samarbeid med UH-sektor, kommunehelseteneste og næringsliv.
- Leie arbeidet med utdanning og kompetanseheving i føretaket.
- Koordinere utdanning med institusjonane vi samarbeider med, og vere ei nøkkelrolle for LIS-utdanning og praksisplassar – inkludert dei nyoppretta plassane for medisinstudentar gjennom NTNU Link
Det vil bli tilrettelagt for relevant bistilling ved universitet eller høgskule, og for moglegheit til å drive aktiv forsking.
Kvalifikasjonar
- Minimum PhD-grad, helst med betydeleg forskingserfaring eller professorkompetanse
- Både formell og reell kompetanse i forskingsleiing vil bli vektlagt
- Det er ein fordel med helsefagleg bakgrunn
- God kjennskap til spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta og/eller universitet- og høgskulesektoren på ulike nivå
- Leiarerfaring er ein fordel
- Interesse for innovasjon og utvikling av helsetenester
Personlege eigenskapar
- Målretta og strukturert
- Handlekraftig og løysingsorientert
- Ta initiativ og arbeide sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner og evne til å motivere og oppnå resultat gjennom andre
- Gode engelskkunnskapar og beherske godt norsk språk, munnleg og skriftleg
- God forståing for prosjektleiing, prosesstenking og det å jobbe strategisk
- Stor arbeidsevne
- Fleksibilitet og endringsvilje
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Spannande og varierte arbeidsoppgåver
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Arbeidstad avtalast. Vi kan og tilrettelegge for pendling, men ein må pårekne hyppig oppmøte ved administrasjonen i Ålesund. Tilsetting kan skje etter avtale
FerdigheterAI-generert
- Forskningsledelse
- Helsevitenskap
- Norsk
- Prosjekteringsledelse
- Strategisk ledelse
Om arbeidsgiveren
Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede an i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sektor: Offentlig
- Sted: Åsehaugen 1, 6017 Ålesund
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 437812967
- Sist endret


