
Sjukepleiar
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 14.12.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Sjukepleiar
Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar, med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar, samt pasientar med kirurgiske pre- og postoperative sjukepleieoppgåver.
Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!!
Vi har ledig
- 2 x 100% vikariat
- 1 x 80% vikariat
- 1 x 75% vikariat
Stillingene er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Startdato varierer på dei ulike stillingane, frå no eller etter avtale. Frå februar av startar vi opp med langvakter kvar 4. helg for dei som ønskjer dette.
Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller fleire tilsetjingar. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Fast stilling kan og kombinerast med vikariat for å oppnå høgare prosent. Det er også mogelegheit for rein nattevaktsstilling om det er ønskeleg.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane
- Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåve
- Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar
- Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik
- Rettleiing av studentar og kollegaer
- Samhandling med kommunar
- Kontinuerlig forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Du har dei formelle kvalifikasjonane og har norsk autorisasjon som sjukepleiar
- 3.års sjukepleiestudentar kan også søke
- Du behersker godt norsk, munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2
- Det er ønskeleg med kompetanse frå spesialisthelsetenesta innan fagområda slag, geriatri eller ortopedi, men det er ikkje eit krav
- Evne til å arbeide i eit miljø med høg aktivitet
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst og strukturert
- Du har eit fagleg engasjement
- Du viser fleksibilitet og evne til omstilling
- Du er ein god teammedarbeidar, men jobbar også godt sjølvstendig
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
- Du er positiv og har gode haldningar
- Du er pasientorientert
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Internundervisning kvar mnd, samt egne fagdagar 2 gongar i året
- Fagkveldar med fagutviklingsjukepleiar, kombinert med sosialt fokus
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Observere helsetjenestebrukere
- Pasientadministrasjon
- Pleie og omsorgsarbeid
- Sykepleie- og omsorgsaktiviteter
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Eldreomsorg, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
sykepleier, sykepleie
Annonseinformasjon
- FINN-kode 439266953
- Sist endret
