Rådgjevar / Forretningsutviklar – Hardangerkontoret
Hardanger og Voss Næringshage
- Frist 30.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du bidra til vekst og utvikling i Hardanger og på Voss?
Brenn du for nærings- og samfunnsutvikling, og ønskjer å vere med å skape nye moglegheiter i ein region full av potensial?
Hardanger og Voss Næringshage styrkjer laget i Hardanger og søkjer ein engasjert rådgjevar/ forretningsutviklar til Øystese-kontoret, som vil vere med å løfta bedrifter, gründerar og prosjekt i regionen.
Med visjonen: ‘Me utviklar verksemder, menneske, draumar og idear’, er vi eit utviklingsmiljø for næringsliv og entreprenørskap, og ein del av Siva og Vestland fylkeskommune sitt landsdekkande næringshagenettverk. Kvar dag arbeider vi for å skape vekst, samarbeid og innovasjon – og vi ser no etter deg som vil vere med på laget.
Arbeidsoppgåver
· Følgje opp og vidareutvikle bedrifter i vekst og omstilling
· Bistå med rådgjeving, prosjektutvikling, søknadsskriving og nettverkssamlingar
· Identifisere nye samarbeidspartnarar og utvikle relasjonar
· Knyte saman næringsliv, kommunar, FoU-miljø og investorar
· Vere ein pådrivar for utvikling og samarbeid internt og regionalt
Noko reiseverksemd må påreknast.
Om deg
Vi ser etter deg som trivst i rolla som sparringspartnar, initiativtakar og lagspelar. Du har ein genuin interesse for næringsutvikling, er løysingsorientert og likar å få ting til å skje.
Du har gjerne:
· Erfaring frå rådgjeving, næringsutvikling, prosjektleiing eller konsulentverksemd
· Høgare utdanning innan relevante fagfelt (økonomi, leiing, innovasjon, samfunnsutvikling e.l.)
· Evne til å bygge tillit og relasjonar
· Gjennomføringsevne, pågangsmot og struktur
· Kjennskap til Hardanger-regionen og eit engasjement for lokal verdiskaping
Hos oss får du
· Ein jobb med reell påverknad – du ser resultata av innsatsen din
· Varierte og meiningsfulle oppgåver i eit sterkt fagmiljø
· Fridom, fleksibilitet og gode moglegheiter for fagleg utvikling
· Ein triveleg arbeidsplass med kollegaer som brenn for regionen
· Base i kontorfellesskap med ulike verksemder på Fruktlageret i Øystese
Ferdigheter
- Forretningsutvikling
- Gjennomføring av utviklingsprosjekter
- Innovasjonsledelse
- Prosjekteringsledelse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Hardanger og Voss Næringshage skal vere ei drivkraft for utvikling i regionen vår. Me er ein samlande, framsynt og kunnskapsrik organisasjon – ein naturleg partnar i lokal og regional næringsutvikling.
Med 15 engasjerte medarbeidarar fordelt på kontora våre i Øystese og på Voss, arbeider me kvar dag med prosjektutvikling, rådgjeving, kursing og nettverksbygging saman med verksemder og partnarar i heile regionen.
- Sektor: Privat
- Sted: Sjusetevegen 27, 5610 Øystese
- Flere arbeidssteder: Evangervegen 3, 5700 Voss, 5783 Eidfjord, 5730 Ulvik
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Konsulent, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rådgjevar, forretningsutviklar, økonomi, innovasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 436948736
- Sist endret