
Bildegalleri
Språket vårt gjennom tidene. Kort norsk språkhistorie.
Til salgs
50 kr
Beskrivelse av varen
Boken "Språket vårt gjennom tidene. Kort norsk språkhistorie." Av Einar Lundeby og Ingvald Torvik. Trykket i 1972. 127 sider. Heftet.
Selges for 50,- kroner
Porto: 56,- kroner
----------------------------------------
Norsk språkhistorie handlar om utviklinga av det norske språket frå opphavet i urnordisk fram til moderne norsk. Det er vanleg å dele norsk språkhistorie inn i fire tidsperiodar, med glidande overgangar mellom periodane.
Det eldste språket vi kjenner frå Noreg, er urnordisk. Språket i urnordisk tid, frå om lag 200 evt., finst i runeinnskrifter med dei eldre runene. Urnordisk var prega av lange ord og hadde færre vokalar enn i moderne norsk: a, e, i, o og u. Då urnordisk utvikla seg til norrønt i synkopetida (frå 500 til 700) vart orda forkorta, og det oppstod nye vokalar (som y, æ og ø).
Omkring år 600 viser språket i runeinnskriftene overgang til ei nyare språkform fordi dei gamle stammevokalane byrja å falle bort (synkopetida). Språket på Eggjasteinen, visstnok frå bortimot år 700, har fleire ord utan desse vokalane, som fiskR, stain og partisippforma skorin, i staden for dei urnordiske formene fiskaR, stainaR og skorinaR. Saman med vokalbortfallet trengde ulike slag omlyd og brytning gjennom og gav språket ein annan karakter enn før.
Norrønt er ei fellesnemning for gammalnorsk og gammalislandsk. I Noreg blir den norrøne perioden rekna frå om lag 700 til 1350. Det finst mange tekstar frå perioden. Nokre er skrivne med runer, men dei fleste er skrivne med latinsk skrift. Norrønt hadde mykje mer bøying enn i moderne norsk, til dømes kasusbøying av substantiv og meir komplisert verbbøying enn i moderne norsk. Det finst mange ord med opphav i latin og gresk som vart importerte i den norrøne perioden (som skrive og biskop).
Mellomnorsk blir tidfesta til perioden 1350–1536. I skriftspråket ser ein eit skilje i tiåra etter 1350, som følgje av at ein ny generasjon skrivekyndige kom til etter svartedauden. Dei mellomnorske tekstane er hovudsakeleg diplom, særleg brev. I den mellomnorske perioden blir bøyingssystemet forenkla kraftig. Mellom anna forsvinn store delar av kasussystemet. Det norrøne (gammalnorske) skriftspråket vart gradvis erstatta av dansk skriftspråk. Det norske språket vart påverka av nedertysk og tok opp ei rekkje ord som til dels enno er i bruk (som snikkar og trøye).
Den språkhistoriske perioden moderne norsk startar ved reformasjonen i 1536 og er enno ikkje avslutta. I dei første århundra vart dansk brukt som skriftspråk, i nokre tilfelle med innslag frå norske talemål. Ut på 1800-talet vart det viktig å etablere norsk som eit eige språk. Særleg sentralt stod Ivar Aasen og Knud Knudsen, som skapte utgangspunkta for nynorsk og bokmål. Som ei følgje av auka innvandring er det eit langt større språkleg mangfald i Noreg no enn i tidlegare periodar. Engelsk har i nyare tid hatt særs stor innverknad på det norske språket, ikkje minst i form av importord (som backstage, server og tanks).
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 12.11.2025 kl. 15:43 ・ FINN-kode: 436839085

