Kyrkjelydspedagog
Bømlo Kyrkjelege Fellesråd
- Frist 28.11.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Ledig vikariat som kyrkjelydspedagog
Ååååå!! Dette var kjekt! Kan me ha Tårnagenthelg neste helg også?
Når kan me ta fram soveposane og godteriet? Det skal bli gøy å overnatte i kyrkja!
Kan me få lov å gå opp på preikestolen å sjå også? Yes!
Det er eigentleg ganske gøy å vera konfirmant faktisk!
Dette er kommentarar du kan komme til å høyre i vikariatet ditt som kyrkjelydspedagog i kyrkjene på Bømlo.
I dei fire kyrkjelydane i Bømlo er det ledig:
- 50% - 100% vikariat som kyrkjelydspedagog frå «så snart som råd» til 1.7.2027 (kan bli forlenga)
Som tilsett i Bømlo kyrkjeleg fellesråd får du:
Interessante utfordringar
Utgjere ein forskjell for barn og unge i møte med kyrkja
Høve til fagleg og personleg utvikling gjennom samspel med dei andre tilsette
Bli ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø fylt med oppmuntring, glede og humor
Høg grad av fleksibilitet både når det gjeld di eiga arbeidstid og dine arbeidsoppgåver
Tariffløn og god pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver:
Planlegge og gjennomføre aktivitet innfor kyrkjeleg undervisning og læring for barn og unge
Administrasjon, planlegging og gjennomføring av konfirmantarbeidet
Dette vert vektlagt:
3-årig høgskuleutdanning innanfor faga kristendom, pedagogikk, trus- og livssynskunnskap (andre med anna relevant utdanning/bakgrunn vil bli vurdert)
Personlege eigenskapar, samarbeidsevner og fleksibilitet
Me søkjer deg med:
Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med barn og unge.
Erfaring med og interesse for barne- og ungdomsarbeid.
Evne til å motivere, inspirere og koordinere frivillige medarbeidarar.
Normalt gode dataferdigheiter
Høve til å disponera eigen bil.
Politiattest og medlemskap i Den norske kyrkja er ein føresetnad.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Leirdalen 1, 5430 Bremnes
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Ideelle organisasjoner, Kirke og menighet
- Stillingsfunksjon: Barne- og ungdomsarbeider, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kyrkjelydspedagog, kyrkje, bømlo, barn, konfirmantarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 436638996
- Sist endret


