Trainee
Vest Service AS
- Frist 10.1.2026
- Ansettelsesform Trainee
- Årslønn 500 000 - 800 000 krAvhengig av kvalifikasjonar
Trainee/assistent til dagleg leiar i Vest Service AS/ Vest Agentur AS.
Vest Service AS og Vest Agentur AS er søsterselskap med felles administrasjon og salgsorganisasjon. Selskapa har hatt ei fin utvikling siste åra og har god økonomi.
Dagleg leiar har også ansvar for salg og kundekontakt. Vi søkjer etter ein person som kan assistere han. Hovudprodukta våre er kamerasystem utvikla i samarbeid med r2p for buss samt destinasjonsskilt og informasjonsskjermar frå Hanover. Vi har agentur for desse og fleire produkt i Norge. Vi har ein stor marknadsandel. I tillegg driv vi verkstad i Stryn med fokus på buss. Vi har godkjenningar både som påbyggar, bilverkstad og skadeverkstad. Vi er i dag 17 tilsette og har ei samla omsetning på vel 80 mill. kroner.
Vi søkjer etter ein yngre person som er interessert i å arbeide med kundekontakt, som har teknisk innsikt og interesse for fagfeltet. Du må kunne uttrykke deg både munnleg og skriftleg på norsk og på engelsk. Om du har erfaring frå bransjen er dette positivt, men ikkje avgjerande. Det viktigast er at du har evne til å kommunisere og er til å stole på. Vi har dyktige fagfolk som kan gje deg opplæring om bussbransjen og våre produkt. Vi veit at dette vil krevje både innsats og pågangsmot. Det kan også bety at du ein periode deltek i arbeid inne på verkstaden vår i Stryn og monteringsarbeid ute hos kundar. Dette vil hjelpe deg å få innsikt i bransjen, som er svært viktig for stillinga.
Ferdigheter
- Kommunikasjonsevner
Om arbeidsgiveren
Vest Service AS og Vest Agentur AS er søsterselskap med felles administrasjon og salgsorganisasjon. Selskapa har hatt ei fin utvikling siste åra og har god økonomi.
- Sektor: Privat
- Sted: Visnesvegen 9A, Stryn, 6783 Stryn
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Produktsalg, Teknisk salg
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
trainee, kundekontakt, salg, buss, teknisk innsikt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 435883821
- Sist endret
