Driftsarbeidar/kunderettleiar på gjenbruksstasjon
ØyVAR AS
- Frist 12.11.2025
- Ansettelsesform Fast
ØyVAR søker nye medarbeidarar på gjenbruksstasjon
Om stillinga
Til våre gjenbruksstasjonar på Straume og Skogsvåg søker vi serviceinnstilte og ansvarlege driftsarbeidarar/kunderettleiarar. Vi ser etter deg som er oppteken av klima, gjenbruk og materialgjenvinning, og som ønskjer å arbeide i ein framtidsretta bransje der du bidreg til eit meir berekraftig lokalsamfunn. Du vil både bruke kroppen, hovudet og hjartet – og du må trivst med å jobbe utandørs i all slags ver.
Er du nysgjerrig og lærevillig, lærer du raskt arbeidsoppgåvene hos oss - vi gir god opplæring og sørgjer for at du blir trygg i rolla. Vi har ledige faste deltidsstillingar (10-40 %) samt behov for tilkallingsvikarar, og vi ser gjerne at dei som blir tilsett i deltidsstillingar også kan inngå avtalar om tilkallingsvikariat ved behov.
Arbeidsoppgåver
Møte kundar på ein imøtekommande, positiv og rettleiande måte
Gje fagleg rettleiing om sortering og levering av avfall
Sikre effektiv og trygg drift av gjenbruksstasjonen i tråd med gjeldande instruksar
Ta imot betaling
Klargjere stasjon og maskinar før og etter drift
Bidra til orden og reinhald på området
Kven rapporterer stillinga til?
Stillinga rapporterer til fagsjef for renovasjon.
Kvalifikasjonar
Må-krav:
Norskferdigheter minimum på nivå A2
Interesse for avfallssortering og gjenbruk
Serviceinnstilt og evne til å arbeide sjølvstendig
Ønskjelege kvalifikasjonar:
Erfaring frå kundebehandling eller serviceyrke
Erfaring med drift eller bruk av maskinar, teknisk utstyr og teknologi
Fleirspråklege ferdigheiter
Trucksertifikat (T1–T4) og/eller maskinførarbevis
Erfaring frå gjenvinningsbransjen eller liknande
Kompetanse i farleg avfallshandtering er ønskjeleg men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
møter folk med eit smil og finn løysningar
er ansvarleg, nysgjerrig og lærevillig
har gode kommunikasjonsevner
er praktisk anlagt og trivst med fysisk arbeid
trivst i ei sosialt og hektisk arbeidsmiljø og samarbeider godt med andre
har god ordenssans og held orden på arbeidsplassen
Arbeidstid og stillingsprosent
Arbeidet er i hovudsak knytt til kveldsvakter og laurdagar. For å oppnå stillingsprosenten på 10-40 %, må du kunne arbeide utvida vakter i feriar – normalt om lag 6-8 veker per år. Arbeidsplan blir avtalt i god tid.
Ferdigheter
- Kundedialog
- Materialgjenvinning
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Øygarden kommune har skilt ut alle tenester knytt til vatn, avløp og renovasjon i eit eige aksjeselskap, ØyVAR AS. ØyVAR betener nær 40 000 innbyggjarar og står stadig overfor spennande utfordringar i VAR-sektoren. I gjenbruksstasjonane våre spelar kunderettleiarane ei sentral rolle i møte med innbyggjarane – der gjenbruk, rett avfallshandtering og gode kundeopplevingar står i fokus.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 6
- Sted: Lonavegen 20, 5353 Straume
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Industri og produksjon, Miljøtjenester, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Kundeservice, Maskinfører og -operatør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
gjenbruksstasjon, gjenbruk, avfall, trucksertifikat, driftsarbeidarar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 434701075
- Sist endret
