Ringevikarar , MMNF
Øygarden kommune
- Frist 31.12.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Tenester til menneske med nedsett funkjsonsevne
Vil du gjere ein forskjell i kvardagen til andre?
Vi søkjer engasjerte ringevikarar til døgnkontinuerlege tenester for personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Vi treng ringevikar i døgn, langvakter, ordinærevakter og nattevakter i tenester til menneske med nedsett funkjsonsevne
Arbeidsstad:
- Bustadar og arbeids-/aktivitetssenter på Straume, Rong og Skogsvåg
- Vi har særleg behov for ringevikarar til døgn-, langvakter og nattevakter i bustadar med høg åtferd på Rong.
Arbeidsoppgåver:
- Bistå tenestemottakarar i daglege gjeremål
- Skape tryggleik og gode opplevingar for bebuarane
- Følgje rutinar og bidra til fagleg godt arbeid
- Gjennomføre vedtak etter lov om helse og omsorgstenestelova kap 9
- Arbeide for å forebygge, følgje opp tiltak og handtere utfordrande åferd og krevjande situasjonar
Kvalifikasjonar:
- Helsefagarbeidar ,vernepleiar eller studentar i helsefag/vernepleie
- Assistentar, fortrinnsvis med erfaring
- Ønskeleg med relevant arbeidserfaring med målgruppa.
- Ønskeleg med erfaring i arbeide med åtferd som utfordrar
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Ønskeleg med førarkort kl. B
Vi søkjer deg som:
- Er fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Har interesse for arbeid med menneske
- Er roleg, trygg, robust og kan handtere psykisk og fysisk krevjande situasjonar
- Gode samarbeidsevner, bidra til eit godt arbeidsmiljø og fokus på å gjere kvarandre gode
- Følger regler og rutinar, jobbe strukturert og er ansvarsbevisst
Personlege eigenskapar blir vektlagt høgt.
Vi tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige kollegaer spennande og faglege utfordringar
- Opplæring/rettleiing/fagleg oppdatering
- Løn etter gjeldande avtaleverk
Kontakt:
Einingsleiar Kristin Straume, 997 99 526
Assisterande einingsleiar Elin Alfstad, 477 97 112
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
FerdigheterAI-generert
- Arbeid etter helse - og omsorgstjenesteloven
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
Nøkkelord
helsefagarbeider, pleieassisent, vernepleier, miljøteapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441312082
- Sist endret
