Sjukepleiar søkast til privat augeklinikk i Gloppen
Sogn og Fjordane Synskirurgi
- Frist 10.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar/Operasjonssjukepleiar
Sogn og Fjordane Synskirurgi søker ein engasjert og dyktig sjukepleiar som ønsker opplæring og fagleg utvikling innan augekirurgi. Hos oss får du ta del av eit erfarent team med pasienttryggleik, kvalitet og omsorg i fokus.
Vi ser etter deg som:
Er utdanna sjukepleiar eller operasjonssjukepleiar
Har gyldig autorisasjon
Er nøyaktig, strukturert og har evne til å halde fokus
Har godt humør, er samarbeidsvillig og viser omsorg for kvar enkelt pasient
Arbeidsoppgåver:
Assistere ved grå stær-operasjonar og anna augekirurgi i samarbeid med vårt erfarne kirurgteam
Bemanne steriliseringsområde og assistere kirurg under augekirurgiske inngep med sterile instrument og utstyr
Forberede pasientar før operasjon, og gjennomføre utsjekk av pasientar etter operasjon
Klargjere operasjonsstove og utføre enkelte preoperative prosedyrer
Bidra med administrative oppgåver i samarbeid med kirurg og leiing
Sikre pasienttryggleik før, under og etter kirurgi - og bidra til at pasientar og pårørande får ein positiv og trygg opplevelse hos oss
Vi tilbyr:
Fleksibel arbeidstid med gode avspaseringsmoglegheiter
Konkurransedyktig løn
Moglegheit for fagleg utvikling og vidare opplæring
Moderne operasjonslokale med avansert utstyr
Eit godt arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og trivsel
Stillingsprosent 50%, med moglegheit for utviding på sikt
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sogn og Fjordane Synskirurgi held til i moderne lokaler midt i Sandane sentrum, i Gloppen kommune. I snart 20 år har vi tilbydd synskirurgi innan excimer-laser, refraktiv linseskift, grå stær og augelokskirurgi. Kvart år gjennomfører vi over 1000 inngrep, og vi strevar alltid etter å tilby det beste innan diagnostikk og augebehandling. Våre pasientar kjem frå heile regionen Vestland og Møre og Romsdal.
Teamet vårt består av fem erfarne kirurgar, optiker, pedagog, sjukepleiar og medisinstudent. Vår visjon er trygg og moderne augebehandling - der alle pasientar skal bli møtt med eit smil, omsorg og respekt.
- Sektor: Privat
- Sted: Sørstrandsvegen 9, 6823 Sandane
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sjukepleiar, operasjonssjukepleiar, kirurgi, gloppen, sandane
Annonseinformasjon
- FINN-kode 433724643
- Sist endret