Open søknad
Fjord1 AS
- Frist 30.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Open søknad – Bli ein del av Fjord1
Vil du vere med og drive framtidas transportløysingar – men finn ikkje den rette stillinga akkurat no? Send oss ein open søknad!
Fjord1 AS er eit av Noregs leiande selskap innan ferje- og hurtigbåttransport, og vi er alltid på utkikk etter dyktige og engasjerte medarbeidarar som vil vere med på å forme framtida vår. Hos oss får du jobbe i eit selskap som er i kontinuerlig vekst og utvikling, der tilsette har gode muligheter for nye utfordringar og utvikling, personleg og fagleg.
Kva inneber ein open søknad?
Ved å sende oss ein open søknad kan du bli vurdert for framtidige stillingar i Fjord1. Vi ser etter kandidatar med kompetanse innan ulike administrative fagområde, som økonomi, kommunikasjon, innkjøp, elektro, teknisk, leiing, forretningsutvikling og andre relevante funksjonar.
Vi vurderer søknadar fortløpande, og dersom ei passande stilling dukkar opp, vil vi ta kontakt med deg.
Arbeidsoppgåver
Fjord1 er eit stort selskap med alt fra operasjonell og teknisk drift, til økonomi, HMS, marknadsføring, personal og IT. Selskapet har over 1100 tilsette og rundt 140 av våre tilsette jobbar i administrasjon. Selskapet sitt hovudkontor er i Florø, i tillegg har vi kontor i Bergen og Molde.
Kvalifikasjoner vi verdsetter i organisasjonen:
- Strukturerte og løysningsorienterte kollegaer som tar ansvar for eigen leveranse
- Personar som bidrar til eit positivt arbeidsmiljø med energi og fokus for å løyse oppgåver på best mulig måte
- Tilnærmer seg framtida med å fornye, forbedre og optimalisere vårt arbeid med framtidas teknologi og arbeidsmetodar
- Kollegaer som setter tryggleik i høgsete, og er god på å holde seg oppdatert på reglar og forskrifter
- Fagleg styrke
Kva får du i Fjord1?
- Ein meiningsfull jobb i eit av Noregs mest spennande og framtidsretta selskap
- Konkurransedyktige vilkår med gode forsikring og pensjonsvilkår
- Jobb i eit selskap med gode moglegheiter for utvikling, fagleg og personleg
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Moglegheita til å jobbe i ei verksemd som set miljø og berekraft i fokus
- Gode personalfordeler og velferdsordningar
Send inn ein open søknad med CV. I søknadsbrevet fortel du om deg sjølv, din bakgrunn og kva område du er interessert i å jobbe med. Vi gler oss til å høyre frå deg og ser fram til å utforske korleis dine talent kan passe inn i Fjord1!
FerdigheterAI-generert
- Administrasjonsarbeid
- Anskaffelser
- Elektro (AMO)
- Forretningsutvikling
- Forskrifter
- Kunnskap om teknologi
Om arbeidsgiveren
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
- Sektor: Privat
- Sted: Strandavegen 15, 6905 Florø
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Maritim og offshore, Økonomi og regnskap, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: HMS, Ingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
administrasjon, prosjekt, ingeniør, økonomi, leiing
Annonseinformasjon
- FINN-kode 432532885
- Sist endret
