
Byggjetilsyn
Fjord1 AS
- Frist 10.12.2025
- Ansettelsesform Prosjekt
Vil du vere med å forme og kvalitetssikre prosessen med ombygging av Fjord1 sine hurtigbåtar?
Vi søkjer fagpersonell til byggjetilsyn i samband med ombygging av fartøy ved verft i Sunnfjord/Nordfjord!
Har du bakgrunn som maskinist, nautikar eller anna teknisk kompetanse og prosjekterfaring som er relevant for byggetilsyn? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
For kandidatar med maritime sertifikat og solid erfaring frå sjø, kan prosjektet opne for overgang til stilling på eit av rederiets fartøy etter leveranse.
Vi vurderer også samarbeid med kompetente byggetilsynsressursar gjennom innleige.
Prosjektet er tidsavgrensa med ombygging og vedlikehald som varer til hausten 2026. Du får jobbe tett på verft og vere ein del av eit kompetent team med prosjektleiar, nautikar og maskinist.
Det skal gjerast arbeid med innreiingsarbeid, utrustningsarbeid og vedlikehaldsjobbar.
Tiltreding i engasjement ved byggjetilsyn er snarast råd med varigheit til siste fartøy er levert frå verft hausten 2026. I engasjementet vil arbeidsstaden vere ved verft i Sunnfjord og/eller Nordfjord, samt noko tid på hovudkontoret i Florø. Dagpendling frå tettstadar som Florø, Førde, Eikefjord, Sandane, Svelgen med meir let seg gjere. Vi tek eit atterhald på endra verftslokasjon.
Arbeidsordning:
Under byggjeperiode: Normal arbeidstid
I eventuell drift: Som skiftordninga på aktuelt fartøy
Ta kontakt for å høyre meir eller send oss din søknad!
Arbeidsoppgåver
- Følgje opp at fartøya blir ombygd i samsvar med kontrakt, teikningar og spesifikasjonar
- Dagleg kommunikasjon med verft og følge opp noko administrativt
- Kontroll av teikningar og annan dokumentasjon
- Etablering/oppdatering av vedlikehaldsdatabase og styrande dokument
- Inspeksjon og kvalitetskontroll
- Deltaking under testing, oppstart og prøveturar
- Bidra til erfaringsoverføring til andre prosjekt
Vi ser etter deg som
- Enten har bakgrunn som maskinist eller nautikar med erfaring frå hurtigbåt
- Eller innehar anna relevant utdanning og erfaring frå design, verfts- eller utstyrsleverandørar, gjerne knytt til hurtigbåtar
- Meistrar å nytte engelsk som arbeidsspråk, då mykje av dokumentasjonen er på engelsk
- Har jobba i prosjekt med fartøy gjennom verftsopphald, det vil vere ein fordel, men ikkje noko krav
- Er generelt god på å nytte dagens datateknologi som verktøy
I tillegg verdset vi at du
- Har ei systematisk arbeidsform
- Er ansvarleg som person
- Framstår fleksibel og løysingsorientert
- Har evne til å arbeide i team
- Ønskjer å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar
Dette får du hos oss
- Ei viktig rolle i eit av landets leiande fergeselskap
- Moglegheit til å påverke og vidareutvikle ein viktig del av Fjord1 si drift
- Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø med god kultur for samarbeid
- Utviklingsmoglegheiter både fagleg og personleg, i ein stor og trygg organisasjon
- Marknadens beste ordningar for forsikring og pensjon?
- Ei vidare karriere i reiarlaget som seglande personell, dersom ynskje og med rette kvalifikasjonar
FerdigheterAI-generert
- Byggeplassoppfølging
- Datateknologi
- Design
- Kvalitetskontroll
- Teknisk innsikt
Om arbeidsgiveren
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
- Sektor: Privat
- Sted: Strandavegen 15, 6905 Florø
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Industri og produksjon, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Maskinist, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
byggetilsyn, prosjekt, maskin, nautiker, styrmann
Annonseinformasjon
- FINN-kode 439073428
- Sist endret