Bildegalleri
King 606 trombone
Til salgs
Frakt fra 109 kr + Trygg betaling 114 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Etter levering har du 24 timer til å se over varen. Hvis det er noe galt med varen, får du pengene dine tilbake.
Lag en pakke
Kjøp mer fra selgeren og betal bare én fraktkostnad.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Sel denne trombonen på vegne av det lokale skulekorpset. Dette er ein godt brukt trombone - noko ein ser av riper og slitasje på lakk. Men noko langt viktigare enn utsjånaden på trombonen, er at sliden er bra. Me har testa å smørja han med Trombotine - og han går då «som smurt». Trombonisten i heimen har gått god for funksjonaliteten. Stemmetrekket er og smurt og kan justerast. Spyttklaff har ok kork. Trombonen har liten boring.
Det er ein liten bulk i klokkestykket, men denne er ikkje avgjerande for klangen. Det er heller ikkje skadane på kassen (naturleg nok). Kassen har fått litt hard medfart, men fungerer. Han er og dekorert med fleire klistremerke som viser kva firma som sponsa skulekorpset på 80- og 90-talet.
Her kan du altså kjøpa ein ok vintage trombone og samstundes støtta ein komande generasjon med messingblåsarar.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 13.10.2026 kl. 06:16 ・ FINN-kode: 474255758
