Bildegalleri
Påkosta mikrohus til sals | 14 m2
Til salgs
790 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Vi sel det flotte mikrohuset vårt, som har vore brukt som anneks for ungane medan vi renoverte våningshuset.
Huset er av modellen MEILI levert av Forward Homes i Oslo desember 2024, og har vore i bruk som soveplass i helger og feriar. Kjøkkenet er difor så godt som ubrukt, og huset framstår innvendig som nytt.
Huset er kledd med vedlikehaldsfri Thermofuru, som grånar naturleg over tid.
Huset er designa med fokus på god romkjensle og smarte løysingar, og eignar seg både bustad for 1-2 personar som ønskjer ein kompakt og fleksibel måte å bu på, som hytte, anneks eller for utleige.
Opphaldsrommet har full takhøgde, og gir på grunn av dei store vindauga ei romkjensle som overgår storleiken. Huset vert levert med eit fullverdig kjøkken med god benkeplass, oppbevaring og alle kvitevarer.
Stova er utstyrt med ein spesialdesigna sofa som kan omformast til ein ekstra sengeplass. Om du ønskjer meir golvplass, roterast spisebordet inntil veggen og blir til eit skrivebord.
Innvendige overflater er kledd med bjørkefinér og innreiing er utført i eikefinér. Alle møblane og løysingane er nøye utforma og bygd av møbelsnikkar. Dette gir både høg kvalitetsskjensle og overflater som er laga for å vare.
Huset står plassert i hagen vår, og kan leverast omgåande. Visning etter avtale. Vi kan hjelpe til med organisering av transport, og kan også stå for lokal transport til trekkbil/brønnhengar.
Teknisk info er henta frå leverandør.
DIMENSJONAR
• BTA (bruttoareal) 18,3 m²
• BRA (bruksareal) 14 m²
• Lengde: 7,2 m - bredde: 2,55 m - høgde: 4,1 m
KONSTRUKSJON
• Stabil stålkonstruksjon
• Svært bestandig kledning av Thermofuru
• Taktekking i koksgrå aluminium
• Produsert i samsvar med byggteknisk forskrift TEK17 for mikrohus. U-verdi 0,2 / 0,17 / 0,17 (veggar / golv / tak). Isolasjon utført i PUR-skum, som gir høg isolasjonsverdi med kompakt konstruksjon.
• 2-lags vindauge utført i aluminium
• Leverast montert på henger. Det er mogeleg å ta av drag og hjul om du ønskjer det.
INTERIØR
• Innvendige flater i bjørkefinèr, behandla med Osmo hardvoksolje
• Hems med madrass, 140 × 200 cm
• Utfellbar spesialtilpassa sitjebenk med oppbevaringsrom og skuffer, som kan omgjerast til soveplass 90 x 200 cm. Ekstra overmadrass følgjer med.
• Roterbart bord som fungerer både som spisebord og skrivebord
• Plassbygd kjøkkeninnreiing, bokhyller og garderobe utført i eikefinér
• Benkeplate i kompaktlaminat
• Linoleumsgolv frå Forbo
TEKNISK
• Varmepumpe med air condition
• Elektrisk veggmontert peis
• Ventilasjon med varmegjenvinning
• LED-belysning
• 50L varmtvassberedar
• Førebudd for vaskemaskin i integrert veggskap
• 230V inntak for elektrisk tilkobling
• 25 m slange med varmekabel for vasstilførsel følgjer med
BADEROM
• Fibo veggplater
• Dusj med dusjkar, 70×90cm
• Keramisk vask med blandebatteri, servantskap og spegel
• Hyller over toalett
• Elektrisk varmeomn/handkletørkar med termostat
• Leverast med urinal. Førebudd for installasjon av vassklosett eller forbrenningstoalett.
• Avtrekksvifte
KVITEVARER
• Keramisk topp, 45 cm
• Integrert steikeomn, 45 cm
• Avtrekksvifte
• Integrert oppvaskmaskin, 45 cm
• Integrert kjøleskåp med fryseboks, 82 cm høgde
Ta kontakt om du har spørsmål eller ønskjer å avtale visning.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 6.7.2026 kl. 23:13 ・ FINN-kode: 469090706




