Bildegalleri
Gudbrandsdal festdrakt - som ny, håndsydd, justerbar str. 36-44
Til salgs
29 500 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Som ny - Ikke synlig brukt
Farge: Svart
Vurderer å selja mi nydelege Gudbrandsdalen festdrakt.
Svart festdrakt med forkle, sydd av lokal syerske til konfirmasjonen min i 1991. Brukt den dagen og berre nokre få gongar etterpå. Framstår som svært velhalden / som ny, med særskilt fint handverk.
Veske med sølvlås og lue følgjer med.
Festdrakta er sydd i str. 36. Eg var 170 cm høg då ho vart sydd.
Spesifikasjonar:
* Svart ullstoff kjøpt på Husfliden på Lillehammer
* Kan utvidast opp til ca. str. 44
* Livvidde no: 70 cm
* Kan leggjast ut inntil 8 cm på kvar side
* Kan takast ned inntil 8 cm på skuldrane
* Lengde bak på livet (midten): 31,5 cm
* Skjørtelengde: 100 cm
Eg kjem frå ein familie der kvinnene har ein tendens til å auke ein del i storleik med åra, så det er teke høgde for det 😊
Vurderer å selja fordi eg er så heldig å ha fleire bunader, og det ikkje er jenter i familien til å overta han.
Kan prøvast i Nannestad.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 13.5.2026 kl. 08:54 ・ FINN-kode: 463355176
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt
