Bildegalleri
2 Border Collie tispar søker ... 💙
Til salgs
987 654 321 kr
Beskrivelse av varen
Alder: 4 år eller eldre
Milly og Magna er to herlege border collie tispar som offesielt kom til meg i november 2024 som alltid har budd saman sidan den eigaren fekk tak i dei, og er to krevande hundar da dei i sine tidlegare år har vore understimulerte og minimalt trent i kombinasjon med dårleg retningslinjar. Derfor søker eg også langtids"pass" fyrst og fremst, som kan vere med å gje dei kva dei trenger. Dei har kommet langt sjå meg, men av ulike faktorar søker eg også nokon som kan glede seg med dei forutanom meg. Kan hende du følar eg svartmalar dei gjennom teksta, men sjølv om dei er goe, så er det utfordringar med dei / ting å trene på, som er viktige å få fram da eg vil ha nokon eg kan stole på som vil gje dei det beste, allerhelst nokon som har erfaring med slike ting. For meg er det også viktig att eg får lese om kva du kan tilby og kven du ser for deg passar og forslag til korleis oss skal gjere det, for så å la dei som ser ut til å egne seg best tilbringe tid saman med dei osv. Derfor ser eg for meg dette i større grad vil bli eit prøveprosjekt som sikkert må justerast fleire gongar undervegs. Eg vil ikkje selgja hundane per nå av fleire grunnar, ein av dei største er att dette er mykje å ta på seg og eg vil vere så sikker som mogleg på att det blir best mogleg for hundane og att ting fungerar, og av den grunn vil eg ha moglegheita til å ta dei attende.
Kan prøve å splitte dei å sjå korleis det fungerar, men veit ikkje korleis det vil gå. Det verkar til att dei kan gå utan kvarandre, men anbefalar å ha ein anna hund i hus som kan støtte samt vere ein god læremester for dei.
Skal ikkje ha tauleikar eller bli brukt laser. Vil du gje mjuke leikar så er det opp til deg, men pass på så dei ikkje får i seg delar av det da dei biter dei sund (samt held leika i potane og drar med munnen) så det er forbruksvare. Kong extreme har til nå haldt best. Pipeleikar kan vere ein dårleg ide.
Magna (blue merle)
Eldstejenta <3 Kan prøve å stikke av om det er åpning i gjerde, grave, rote i søpla etc når ho kjeder seg. Har ho i gangen eller i bur når eg er burte. Kommer gjerne for kos. Tidlegare var kos å komme så tett inntil eigaren og oppi fjeset på eigaren å sleike med mykje følelsar. Har trent på blant anna å ikkje sleike ved kos, samt lære å gå i band. Elsker tur og leik, og kjem ofte apporterande med leikar. Går for det meste i gjeterstilling (låg kropp med hovudet ned etc). Går fint overens med hundar, prøver å vere problemløysaren i flokken der ho går mellom hundar når ho syns det blir for mykje etc. Ein av dei to fyrste hundane eg introduserar nye hundar til, da ho er nokså roleg og har tydeleg kroppspråk. Er dok ofte ho er underdaning og usikker når ho får oppmerksomheit. I april 2026 var fyrste sykkelturen / trekketuren hennes der ho hadde med mentor. Var usikker i starten og nokre gongar undervegs, men lytta godt til kommandoane og trakk slik eg ynskja og såg ut til å kose seg. Går greit i bymiljø. Har gått greit overens med kattar og bryr seg minimalt om både hønseflokken og marsvinane (har buret oppå eit kjøkken bord). Kan vere obs på til dømes katt, men har ikkje hatt noko problem. Ingen problemar med bilkøyring, men anbefalar å bruke meir finmaska bur - særleg om ho skal vere aleine i bilen på butikk handel etc.
Har hatt eit kull, men dårleg morsegenskapar så skal ikkje avlast på. Planen er å få kastrert ho etterkvart.
Helse: Får årleg helsesjekk med vaksinering i juni / juli. Har hatt minst to rundar med innbilt svangerskap. Ellers har / hatt nokon hosteanfall innimellom. Ellers har ho vore frisk og har gode potar. Trenger tilgang på potesokkar og dekken om vinteren da det er nokon gongar ho fryser.
Har tidlegare vore overvektig, men ser ut til å fungere fint på Appetitt Maintnance Medium. Har blitt betre, men kan vere vanskeleg ved kloklypp (dette kan eg eventuelt utføyre ved behov).
Milly (svart/kvit)
Litt yngere, frå registrert oppdrett. Skal ikkje avlast på (planen er å få kastrert ho etterkvart)
Er den som har mest gjetarinnstink. Har noko seperasjonsangst, kan knurre mot lydar frå naboburet. Har ho enten i gangen eller i bur når eg er burte, men gangen ser ut til å nesten vere best. Kan vere grinete på andre hundar og veksle mellom å be dei halde seg unna, og å gå etter dei (nesten som gjeting og delvis grinete oppførsel). Går dok fint overens med dei fleste så lenge dei ikkje masar på ho.
Vil gjerne ha oppmerksomheit, men er usikker på korleis motta det. Tidlegare var kos å komme så tett inntil eigaren og oppi fjeset på eigaren å sleike med mykje følelsar. Elskar tur, og i 2025 vart det opplæring med fleire trekkturar på kickspark og kickbike med ein til to mentor hundar. Milly var i april mentoren til Magna på hennes fyrste sykkeltur økt. Er ikkje trygg i bymiljø per nå. Ho trur ho kan leike med leikar, og har begynt å skjønne det. Før gjekk det for ho ut på å springe der dei andre springer, ta leika og ferdig. I tida sjå meg har ho begynt å skjønne det er meir til det, inkludert ho kan leike sjølv samt sette i gong leik også. Kan begynne å pipe å styre i opphisselse når andre får oppmerksomheit, leik og endring av gange.
Går i gjetarmodus rundt andre dyr, så fint om ho ikkje får lov til dette med katt osv. Om det er av interesse kan du gjerne trene ho opp til å bli ein skikkeleg gjetarhund, men da på små/storfe og nekte ho smådyr som katt etc.
Ingen problemar med bilkøyring, har ein tendens til å gire seg opp og få angst når ho blir forlatt / ho veit noko skal skje, så anbefalar å bruke meir finmaska bur - særleg om ho skal vere aleine i bilen på butikk handel etc.
Helse: Får årleg helsesjekk med vaksinering i juni / juli. Har gode potar og vore frisk. Trenger tilgang på potesokkar og dekken om vinteren da det er nokon gongar ho fryser. Sliter med å halde vekta da ho eter dårleg så ho brukar Appetitt Ekstrem som vedlikehaldsfôr.
Har blitt betre, men kan vere vanskeleg ved kloklypp (dette kan eg eventuelt utføyre ved behov).
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 13.5.2026 kl. 14:01 ・ FINN-kode: 460010206
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt