Bildegalleri
Søkjer arbeidshest til Norsk Folkemuseum
Ønskes kjøpt
Beskrivelse av varen
Mankehøyde: 145 cm
Kjønn: Vallak
Fødselsår: 2008
Norsk Folkemuseum ynskjer å kjøpa norsk arbiedshest/brukshest på minst åtte år som er både innridd, innkøyrd og trafikksikker. Over 300 000 menneske tek turen innom Norsk folkemuseum på ein årleg basis, og opp til 12 000 på ein dag med større arrangement. Det er difor viktig at hesten er trygg og van med mykje folk, trengsel, kaos og lyd.
Hesten skal i hovudsak nyttast som arbeidshest i historisk landbruk – både skog- og jordbruk og diverse transport med arbeidsvogn. Med ein framtidsretta visjon om persontransport ved større arrangement, mindre oppdrag, og kanskje etter kvart på ein meir regulær basis gjennom sommarsesongen.
Frittgåande barnehagar, skuleklassar og turistgrupper er nok ikkje for alle hestar. I tillegg ynskjer me at kjemien skal passa med oss som i hovudsak skal arbeida samane med hesten. Me vonar difor at det vil vera mogeleg å ha ein aktuell kandidat på prøve før eit endeleg kjøp. Me har ein 31 år gamal, pensjonert shetlandsponni som til no har gjort ein god jobb som selskap, og reknar med han vil fortsetja med det i fleire år framover.
Send gjerne ei melding for fleire detaljar for kva me kan tilby og ser føre oss på sikt med riktig hest.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 9.1.2026 kl. 13:17 ・ FINN-kode: 434440126
