Bildegalleri
Fjording/arbeidshest/køyrehest vert vurdert seld
Til salgs
40 000 kr
Beskrivelse av varen
Mankehøyde: 145 cm
Kjønn: Vallak
Fødselsår: 2008
Far: Rossmann
Mor: Avilde
17 år gamal fjordingvallak med masse potensiale. Har gått på Norsk Folkemuseum i 12 år, men har med åra i aukande grad vorte for uforutsigbar og møter ikkje krava til sikkerhet me burde stilla til ein hest som skal gå på museum – noko som igjen går utover aktivitetsnivået han burde ligga på.
Han har i stor grad gått som køyrehest på museet – i rideskulen på Bygdø Kongsgård i vinterhalvåret fram til 2022, men vart fulltids museumshest då han ikkje lenger kunne handterast av born. Mange år med persontransport, men dei siste åra berre som arbeidshest. Mest opprydding og frakt med arbeidsvogn og høyvogn, men me har dei siste to sesongane utforska jordbruket saman. Me har hatt fin introduksjon til både slådd, harv, hyppeskjer og hjulrive, men har framleis mykje å læra og gå på her. Han har òg vore trena på arbeid i skog med lunnedrag, noko kløv, og så vidt prøvd kjøkkensluffe med det sledeføret som har kikka innom Oslo ein augneblink eller to.
Han har sterke meiningar og testar og utfordrar posisjonen sin ved kvart høve. Han treng difor stabilitet og tryggleik i handtering, av vaksne, trygge mennske. Med riktig heim og omgivnadar er dette ein flott og allsidig fjording som har mykje å by på.
Ta kontakt for spørsmål og fleire detaljar om utfordringar me har møtt på om dette kan vera aktuelt.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 24.11.2025 kl. 13:16 ・ FINN-kode: 434440189