
Bildegalleri
Edvard Hoem - 3 bøker i serie utgitt 2014-2017
Til salgs
160 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
4 stk innbundne bøker sender gjerne kr 78 i frakt og pakking
Bøkene er utgitt på Forlaget oktober - de tre siste bindene utgitt gjennom Bokklubben
kr 50 for enkelt bok - kr 160 for alle fire
Slåttekar i himmelen 2. opplag 2014
Edvard Hoems oldefar heitte Knut Hansen Nesje, men alle kalla han berre Nesje. Forteljinga i denne romanen begynner utanfor Molde i 1874, der Nesje er slåttekar, og enkemann på andre året, med ein son å ta seg av. Plutseleg dukkar Serianna opp. Ho røyker pipe og får Nesje med på seifiske, og saman finn dei kjærleiken. Snart er dei gift og får barn.
Menneska ved Frænfjorden lever eit liv i hardt arbeid, tett på jorden og fjorden. Men ein ny veg er i ferd med å opne seg i desse åra - stadig fleire sel det lille dei eig, og legg ut på den strie og eventyrlege reisa til Amerika. Seriannas søster Gjertine drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta. Det begynner å koma brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim.
"Slåttekar i himmelen" er ein inspirert roman av forfattaren av "Mors og fars historie". Det er ei forteljing om det nye og det gamle landet, om arbeid, byrgskap og kjærleik, om å vera villig til å satse og gjere store offer.
Bror din på prærien 1. opplag 2015 svært pen bok
Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet S/S Juno i Kristiansund, med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, sterkt prega av stunda. Seks veker seinare bankar Eilert på døra hos tante Gjertine i Day County, Sør-Dakota.
Eilert er ein vakker ung mann, godt over seks fot høg, og jentene i det nye landet set blikket rett på han. Da han kysser den romantiske Rosa Edelblad, er det med både sterk lyst og frykt for å bli bunden. Eilert forsøker å la arbeidet styre han.
Det skal kome ei stor og gjennomgripande vending i Eilerts liv, som om han har vore på feil spor. Etter tolv år som fri arbeidshand i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin bryt han opp - slik 50 000 andre nordmenn i si tid gjorde - og startar på den lange reisa til prærien i Canada. Hausten 1905 tar han land ved Eidswold (Donalda), Alberta.
Heime i Norge ser Nesje at åra går, og han uroar seg for om han skal få sjå sonen sin att i dette livet.
"Bror din på prærien" er ein slektsroman og ein westernroman, fortalt på same sanselege vis og i same poetiske språk som Hoems roman frå 2014, den lovpriste "Slåttekar i himmelen".
Land ingen har sett 2. opplag 2016
Brørne Eilert og Anton Edvard sender brev til kvarandre over Atlanteren eit par gonger i året. Dei arbeider hardt for å bli gjeldfrie. Ute i verda rasar den første verdskrigen, og titusenvis døyr i skyttargravene på vestfronten.
I Romsdal driv Anton Edvard ein gard som er for liten til å dekke utgiftene hans. Om vinteren er han med på fisket frå fiskeværet Bjørnsund, det er eit nådelaust slit som kan gi stor forteneste. På Alberta-prærien blir Eilert tvinga til å dyrke opp eit stadig større område for å auke kveiteproduksjonen da prisane fell ved krigens slutt. Den etter kvart store familien til Eilert blir råka av ei ulykke som snur opp ned på alt.
Den opprørske Gjertine kjem til eit vegskilje i livet og legg ut på si siste store reise til Ravenscrag i Saskatchewan. I Molde blir systera Serianna eit anna menneske på grunn av sorga som mannens død påfører henne. Ho snakkar med slåttekaren som om han framleis var i live.
«Land ingen har sett» er den tredje romanen i den store krøniken om Knut Hansen Nesje og slekta hans. Med poetisk kraft levandegjer Edvard Hoem historia om dei eventyrlystne menneska som reiste over Atlanteren for å bygge eit nytt samfunn, og dei hardt arbeidande menneska som valde å bli heime for å skapa framgang og betre tider på Norges jord.
Liv ande har levd 1. opplag 2017 gulnet i arkene
Eilert Knudtson, som har farma på Alberta-prærien i meir enn tjue år, er komen til Norge for å treffe søskena sine igjen, og for å meistre sorga og saknet etter at kona Martha døde frå han, og dei åtte barna deira. Året er 1927, og det er trettifire år sidan han sist såg søskena sine.
Seksten år gamle Lars Hoem, son av Anton Edvard, vil bli med onkelen tilbake til Canada. Han seier han må vekk fordi det er ein stein som skygger for sola der han er no. Lars Hoems liv i Canada blir ein mørk tråd som fører fram mot dei harde trettiåra.
Eilert går inn i ein langvarig kamp for å overleva som farmar. Da han ikkje kan betale for tilleggsjord som han kjøpte tidleg på tjuetalet, tar styresmaktene jordseksjonane frå han og tvingar han til å bli leiglending.
I 1930 gifter Eilert seg med enka Kate Ness. Barna til Eilert blir vaksne og forsvinn frå heimen. Den aldrande mannen kjempar mot tørke, haglstormar, grashopper og fallande prisar - for å vinne tilbake det han har tapt. «Liv andre har levd» er ein sanseleg familiekrønike med uforgløymelege hovudpersonar. Edvard Hoems nye roman stiller det fundamentale spørsmålet: Kor mykje bestemmer eit menneske si livsreise med eigen innsats, og kor mykje blir avgjort av krefter som vi ikkje kan gjera noko med?
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 14.10.2025 kl. 22:14 ・ FINN-kode: 408647515

