
Bildegalleri
Ivar Kleiven - bøker av og om den fyrste (?) lokalhistorikaren våt
Til salgs
200 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Eg har ein del bøker av Ivar Kleiven (1854-1934) frå Lalm i Vågå. Han er av somme rekna som den fyrste grundige lokalhistorikaren i Noreg - han er nemnd i oppslagsverk. Dei bøkene eg sel av og om han er desse:
Ringebu. Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. Aschehoug 1928. Fyrsteutgåve, 1928. Svært fin!: 300,-
Elvesøg. Gudbrandsdal Boklag 1937. Forteljingar. 325 sider. Privat, noko slite innbinding og med bruksspor i innmaten, men fast og grei: 230,- (her er det stoff til eit spel!)
I gamle Dagar. Forteljingo og Bygda-Minne fraa Vaagaa. 468 sider. Aschehoug 1944, opptrykt 1977: 280,-
I Heimegrendi. Minne fraa Seksti-Aarom. 2. upplaget. Vågå historielag 1949. Uspretta, 186 sider: 190,-
SELD! Frå skotteåre. Gudbrandsdal Boklag 1935, opptrykt att i 1981. 153 sider, nesten som ny: 165,- (Skotteåret var i 1612, jf. slaget ved Kringen)
Frå barndomen. Dølaringen Boklag v/Gudmund Harildstad 1993. Småstykke: 110,-
SELD Brev til Decorah-Posten. Tegninger av Olav Hanslin. Dølaringen Boklag v/Gudmund Harildstad 1994: 110,- (Kleiven var venn med den norsk-amerikanske avismannen og redaktøren Kristian Prestgard)
Halvard Grude Forfang: Ivar Kleiven 1854-1934. Aschehoug 1945. Biografi, 180 sider: 145,-
Andreas Bjørkum/Olav Råstad: Artiklar av Ivar Kleiven. Målbruken hans. Bibliografi. Dølaringen u.å., men rundt 1995. 332 sider, og langt meir interessant enn tittelen!: 250,-
Eg har lese mykje av Kleiven, og han er ein god forteljar både på dialekt og dialektprega nynorsk. Bestemor mi, Kari Svare (f. 1906) kom frå eit småbruk og var som ungjente (13-14?) forresten budeie ein sommar på nabosetra til Kleivsetre, der Kleiven budde og skreiv. Ho møtte han, og eg er ikkje sikker på om far hennes, Iva (Iver/Ivar) kunne skrive ... Så det er nemnt, på den tida brukte bestemor og systera hennes kvardagsbunad som skikken var for mange gardjenter i Vågå på den tida. Bunadsbruken til kvardags heldt seg iallfall til rundt 1920. Men dette var ei solid avsporing!
Bøkene kostar noko under 200 i snitt, og det er den prisen som står i reklama for annonsa. Eg bruker Posten Noreg når eg sender noko.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 9.2.2026 kl. 21:34 ・ FINN-kode: 347346310




