Bildegalleri
Ivar Kleiven: Fronsbygdin (1930) - Førsteutgave
Til salgs
500 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen.
«Ivar Kleivens bøker om Gudbrandsdalen er levande kulturhistorie og lokalhistorie med ei vitskapleg forankring. Han såg på den lokale kulturen som eit middel til folkeopplysning og utnytta tradisjon og eigne minne som viktige element. Hans evne som forteljar med vågåmålet som reiskap gjer delar av produksjonen hans til høgverdig litteratur.
Kleivens bygdebøker er bygde opp etter eit fast mønster. På ein suveren måte byggjer han inn det lokale tradisjons- og minnestoffet og kombinerer det med arkivtilfang; slik blir det samanheng, og slik får kvar bok sitt lokale særpreg. I dag blir det stilt andre krav til lokalhistoriske framstellingar, og den eine gudbrandsdalsbygda etter den andre får nyskrivne bygdebøker. Men det særeigne i den gamle bondekulturen som Kleiven har formidla i bøkene sine, taper aldri sin verdi.
Som tradisjons- og minnesamlar fell det naturleg å halde Ivar Kleiven opp mot Johannes Skar og hans verk Gamalt or Sætesdal, som kom noko i forkant og samtidig med Gamal Bondekultur. Dei to har mykje felles: begge var frå Gudbrandsdalen, og begge skreiv på bygdemål. Men det var ingen direkte kontakt, og det er heller ikkje råd å finne påverknad den eine eller andre vegen. “So stor er eg no ikkje,” svara Ivar Kleiven sjølv då ein festtalar sidestilte han med Skar. I dag vil vi seie at dei begge var store.»
Se også mine andre annonser
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 9.1.2026 kl. 13:31 ・ FINN-kode: 436211219
