Bildegalleri

Velkommen til Nishusbakken! Ein tiltalande bustad med gode solforhold og flott utsikt. Alle bilder under er frå tilsvarande bustader som no er selt.

Einebustader i rekke Nihusbakken - Skodje

Moderne og innhaldsrike einebustader i rekke med carport, stor balkong og panoramautsikt

Prisantydning fra

4 990 000 kr

Prisantydning til

5 190 000 kr

Totalpris fra

5 013 295 kr

Totalpris til

5 213 295 kr

Kort om prosjektet

Moderne og innhaldsrike einebustadar i rekke med ei sjeldan flott plassering i det nye bustadfeltet Nihusbakken. Bustadane har funkisstil med reine linjer, og har eit moderne uttrykk både i fasade og interiør. Lun og solrik plassering, og ei fantastisk utsikt mot fjord og fjell.

  • Planlegging

    Nye bustader under oppføring

  • Salgsstart

    Salget er i gang

  • Byggestart

    Bustadene er under bygging

  • Overtakelse

    Etter avtale med kjøper

Nøkkelinfo

Boligtype
Rekkehus
Soverom
3
Internt bruksareal
113 m² (BRA-i)
Bruksareal
166 - 167 m²
Eksternt bruksareal
53 - 54 m² (BRA-e)
Balkong/Terrasse
32 m² (TBA)
Eieform
Eier (Selveier)
Energimerking
B

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Gjesteparkering
Garasje/P-plass
Hage
Balkong/terrasse
Turterreng
Bredbåndstilknytning
Utsikt
Sentralt
Balansert ventilasjon

Enheter i prosjektet

Sorter etter

Nedoverpil

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

Det nye bustadfeltet Nihusbakken ligg i hjartet av Skodje med kort veg til sentrumsfunksjonane. Dette er ein av dei lunaste og mest solrike plassane på Skodje, og kan i tillegg by på ei fantastisk utsikt mot både fjord og fjell. Området ligg under fjellfoten der stien til Nihusen startar, og her er vi no i full gang med ei etterlengta utbygging der vi ønsker å skape eit godt bumiljø for alle.

Øvst i feltet har vi for salg fine einebustader i kjede med carport mellom kvar bustad. Bustadane i bygg 1 og bygg 3 er heilt ferdige og selde, men her er framleis ledige bustader i bygg 2. Her har vi tre ledige bustader som i utgangspunktet vert selt klar til eigeninnsats. Men om ønskjeleg kan bustaden heilt eller delvis ferdigstillast mot avtalt pristillegg.

Bustadane har tiltalande fasadar med moderne uttrykk, og er svært innhaldsrike med fokus på det praktiske. Her er carport/utebod mellom kvar bustad, og med denne løysinga får alle sin eigen private bustad utan å vere heilt vegg i vegg med naboen. Inngangspartiet ligg på nordsida i hovudetasjen, og ved sidan av inngangspartiet er det direkte innkøyring til carport. I bakkant av carport ligg ei sportsbod, og her er vidare gjennomgang til balkongen på sørsida av bustaden. Alle har sitt private hageareal på framsida, og privat parkeringsareal på baksida.

I hovudetasjen er det stor stue med kjøkkendel, eit stort soverom, hall/trapperom og WC. Utgang frå stue til sørvendt balkong. I underetasjen er her to soverom, bad, vaskerom, gang/trapperom og to innvendige boder. I tillegg kjem den store utvendige boda som ligg under carporten, og som har tilkomst både utanfrå og frå innvendig bod i u.etg. Her får du altså meir oppbevaringsplass enn vanleg ved denne type bustad. Bustaden har eit innvendig bruksareal på 113,3 m², og bruksareal inkl. carport og boder er 166,1 m².

Plassering

Sentral plassering i det nye bustadfeltet Nihusbakken bak Skodje omsorgssenter. Bustadane ligg sørvendt på solrike tomter med utsikt i retning Skodjevika. Feltet har ferdig opparbeida leikeplassar med leikeapparat, benkar og sandkasse.

Gangavstand til alle sentrumsfasilitetar som butikkar, barnehage, barne- og ungdomsskule, idrettsanlegg, kulturhus, omsorgssenter, legekontor, treningssenter, busstopp m.m. Flott turterreng, skiløyper, idrettsanlegg, golfbane m.m. i nærområdet.

Nihusbakken bustadfelt ligg svært landleg til, samtidig som det er sentralt og kort veg til det meste. Berre nokre minutt unna med bil ligg Digerneset næringspark som dei siste åra har utvikla seg til å verte eit regionalt knutepunkt. Her har vore ei formidabel utvikling med etablering av ulike butikkar, tilbod og ei rekke bedrifter har flytta sine bygningsmasser hit. Digerneset Næringspark inneheld i dag omlag 40 bedrifter og rundt 750 arbeidsplassar. Og byggeaktiviteten er framleis stor, så nye aktørar kjem stadig til.

Køyretid til Moa 20 minutt, og til Ålesund sentrum 30 minutt.

Beskriving av leveransen

Bustadane i bygg 2 vert levert klar til følgjande eigeninnsats:

  • Sparkling/maling/tapetsering av gipsveggar og evt. gipshimlingar
  • Membran, flis og flislegging av våtrom
  • Golv og golvlegging i våtrom


Bustadane kan leverast heilt eller delvis klar for innflytting mot avtalt tillegg. Ta kontakt for informasjon og prisar. Kjøpar vil sjølv kunne velje standard på veggar og golv, og om ønskjeleg velje anna kjøkken- og baderomsinnreiing frå Kvik enn den som er med i leveransen.

Bygg 2 (ferdigstilling etter avtale)
Hus 1 - kr 5 190 000,- (klar til eigeninnsats)
Hus 2 - kr 4 990 000,- (klar til eigeninnsats)
Hus 3 - kr 5 190 000,- (klar til eigeninnsats)

Følgjande er med i standardleveransen:

  • Kjøkkeninnreiing frå Kvik
  • Baderomsinnreiing frå Kvik
  • Skyvedørsgarderobe på dei to største soveromma
  • Garderobeskap på minste soverom
  • Varmekablar i golv på bad, WC og hall i 1. etg.
  • Veggmontert toalett både på WC og bad
  • Innvendig trapp type Fjord frå Stryntrappa med trinn i ask
  • Kvitmalte massive innerdører type Swedoor Unique
  • Balansert ventilasjon frå Villavent
  • Rør i rør system
  • Frostsikker utekrane i begge etasjar
  • Platt ved inngangsparti støypt i betong
  • Betongdekke i carport
  • Asfaltert veg og parkeringsareal

Fordelar ved kjøp av heilt ny bustad

Det er mange fordelar med å kjøpe heilt ny bustad kontra det å kjøpe brukt, og berre tenk på den gode følelsen av å flytte inn i ein splitter ny bustad som ingen har budd i før deg.

  • Alt er nytt, ikkje behov for oppussing på mange år
  • Meir energieffektiv bustad, lave kostnader til oppvarming
  • Lave kostnader til vedlikehald
  • Moglegheit til å påverke utforming og innreiing
  • Tidsriktig og praktisk bustad
  • Eit sikrare kjøp, garantitid om feil oppstår
  • Du slepp hektiske budrundar
  • Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris
  • God tid til å førebu flytting
  • Lave kjøpskostnadar ved kjøp av ny bustad. Dokumentavgift vert rekna av tomteverdi, ikkje av heile kjøpesummen slik som ved kjøp av brukt bustad. Kr 23 295,- i staden for ca. kr 130 000,- ved kjøp av bustad i same prisklasse.

Diverse

I dei ledige bustadane i bygg 2 står det igjen ein del arbeid, og ferdigstilling vert avtalt med den enkelte kjøpar.

Fiber vert lagt fram til bustadane, abonnement kan kjøpar bestille hos Tafjord Marked AS. Gebyr for tinglysing av skøyte kr 23 295,-. Elles ingen kjøpsomkostningar.

Bustadane er bygd etter byggteknisk forskrift TEK17.

For meir informasjon eller visning ta kontakt med Jofrid Hatlehol tlf. 970 12 140.

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode319330550
Sist endret15. sep. 2025 12:18

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.