Bildegalleri

Einebustader i rekke Nihusbakken - Skodje
Nihusbakken bygg 2 hus 3 (klar til innflytting)
Kort om prosjektet
Moderne og innhaldsrike einebustadar i rekke med ei sjeldan flott plassering i det nye bustadfeltet Nihusbakken. Bustadane har funkisstil med reine linjer, og har eit moderne uttrykk både i fasade og interiør. Lun og solrik plassering, og ei fantastisk utsikt mot fjord og fjell.
Prosjektets status
Planlegging
Ferdig planlagt
Salgsstart
Prosjektet ligg ute for salg
Byggestart
Bustadene er under bygging
Overtakelse
Overtaking etter avtale med kjøper
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Rekkehus
- Soverom
- 3
- Internt bruksareal
- 113 m² (BRA-i)
- Bruksareal
- 167 m²
- Eksternt bruksareal
- 54 m² (BRA-e)
- Balkong/Terrasse
- 32 m² (TBA)
- Energimerking
- B
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Bygg 2 hus 3 (klar til innflytting)
I eit triveleg bustadområde med ei sjeldan flott plassering har vi for salg denne kjempefine bustaden. Her er carport/utebod mellom kvar bustad, og med denne løysinga får alle sin eigen private bustad utan å vere heilt vegg i vegg med naboen. Denne bustaden ligg lengst mot aust i bygg 2.
Vi er no i gang med å ferdigstille denne bustaden, og den vert levert klar til innflytting med god standard. Fin kjøkkeninnreiing med integrerte kvitevarer, malte glatte veggar, malte gipshimlingar, listefritt mot tak alle rom, listefritt mot vindu og altandør på stue/kjøkken, spottar i tak på stue/kjøkken, gang og bad. Flislagt bad (både veggar og golv) med vegghengt toalett, fin innreiing, takdusj og dusjveggar. Separat vaskerom med vaskeromsinnreiing og flislagt golv. Golv i yttergang og på WC vert flislagt, og har varmekablar. Golv tørre rom i god kvalitet (høgtrykkslaminat, evt. klikkvinyl).
Bustaden har tiltalande fasadar med moderne uttrykk, og er svært innhaldsrike med fokus på det praktiske. Inngangspartiet ligg i hovudetasjen på nordsida, og ved sidan av inngangspartiet er det direkte innkøyring til carport med sportsbod i bakkant. Sportsboden har vidare gjennomgang til balkongen på sørsida av bustaden. Alle har sitt private hageareal på framsida, og privat parkeringsareal på baksida.
I hovudetasjen er det stor stue med kjøkkendel, eit stort soverom, hall/trapperom og WC. Utgang frå stue til sørvendt balkong. I underetasjen er her to soverom, bad, vaskerom, gang/trapperom og to innvendige boder. I tillegg kjem den store utvendige boda som ligg under carporten og som har tilkomst både utanfrå og frå innvendig bod. Her får du altså meir oppbevaringsplass enn vanleg ved denne type bustad. Bustaden har eit innvendig bruksareal på 113,3 m² og bruksareal inkl. boder og carport er 166,1 m².
Nihusbakken ligg i hjartet av Skodje med kort veg til sentrumsfunksjonane. Dette er ein av dei lunaste og mest solrike plassane på Skodje, og kan i tillegg by på ei fantastisk utsikt mot både fjell og fjord. Området ligg under fjellfoten der stien til Nihusen startar, og her er vi i gang med ei etterlengta utbygging der vi håper å skape eit godt bomiljø for alle.
Nærområdet
Systemhus - Møre Hus Bustad AS
Møre Hus Bustad AS
Utbygger
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.





