Bildegalleri

Inaktiv

Rom i fin og luftig Frognerkollektiv

Kart med kartnålGyldenløves gate, 8, 0260 Oslo
Månedsleie
8 600 kr
Inkluderer
Straum, internett

Nøkkelinfo

Primærrom
25 m²
Boligtype
Rom i bofellesskap
Soverom
3
Etasje
3.
Leieperiode
01.01.2020

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Møblert

Beskrivelse

Hei, eg heiter Signe og bur saman med ein veldig hyggjeleg gut, Øyvind, i ein stor og luftig leiligheit i Gyldenløves gate på Frogner. Vår noverande romkamerat Aske skal flytte saman med kjærasten og vi leitar difor etter nokon som vil overta Askes rom.

Leiligheita:
Ligg i Gyldenløves gate, ei brei og fin gate med store tre utanfor, like bak slottet. Kollektivtransport i nærheten er stort: Buss 30, 31, 21 og trikk 12, 13, 19, 15 - i tillegg tar kort tid til Nathionalteatret og med sykkel kjem ein seg f.eks. til St. Hanshaugen på 10 min.

Leiligheita er stor, langt over 100, kanskje 150 kvadrat. Du veit, ein slik gammal Frognerleiligheit med store rom og 3 meter under taket.

Det er ei stor stue med langbord, sofa, bokhyller og store vindauge. Eit koseleg kjøkken med det meste av det ein treng. Badet er heilt streit og fint. I tillegg finst det vaskerom med vaskemaskin, tørketrommel og tørkemogelegheiter, bod og gang. Mykje oppbevaring i veggskap, bod osv.

Rommet som leigast ut er på ca. 30 kvm. Rommet har allereie ein seng, pult og stol og klesoppbevaring (kommode og mogelegheit til å henge kjolar/skjorter). Dette kan brukast om de vil.

Innflytting: Frå og med 1. januar.
Månadsleige: 8600 (inkludert straum og nett)

Litt om oss: Øyvind er 28 år og jobbar i Deloite. Han er alltid i godt humør og med ein god kommentar på lur når han kjem heim. Likar Arsenal, lese bøker i parkar, syng i band og slappe av når han er heime. Eg, Signe, er fotograf, likar friluftsliv, det meste av kultur, lage mat og å pusle med forskjellige små prosjekt.

Om dette er innafor og du kunne tenkje deg eit jordnært, triveleg og roleg heim med to trivelege hallingar: send meg gjerne ei melding, så kan du komma og sjå - eller me kan ta ein kaffi.

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beliggenhet

kart

Profilinfo

Du må være logget inn for å se profilen

Trenger du en kontrakt?

  • Hakemerke
    Utfylt kontrakt med opplysninger fra annonsen
  • Hakemerke
    Digital signering
  • Hakemerke
    Gratis tjeneste
  • Hakemerke
    Godkjent av Forbrukerrådet

Annonseinformasjon

FINN-kode90107521
Sist endret05. des. 2019 14:09

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.