Bildegalleri
Nye og moderne leilegheiter til leige – idyllisk ved Oftevatn
- Månedsleie
- 10 000 kr
- Depositum
- 20 000 kr
Nøkkelinfo
- Primærrom
- 75 m²
- Boligtype
- Leilighet
- Soverom
- 2
- Leieperiode
- 04.11.2025
Fasiliteter
Beskrivelse
Ynskjer du å bu i ei ljos, moderne og triveleg leilegheit med flott plassering ved vatnet? Vest-Telemark Næringsbygg AS har tre ledige leilegheiter med kort veg til badeplass, fiske og fine turområde.
Kvar leilegheit er på 75 m², med gjennomgåande god standard, og inneheld: gang, stue/kjøkken, to soverom, bad og vaskerom. Det er uteplass/balkong med takoverbygg med flott utsikt til Oftevatn på kvar leilegheit. Dei tre tilgjengelege leilegheitene ligg i bygg 2 mot vest – ein i 2. etasje og to i 1. etasje. Bygga er firemannsbustader med direkte tilkomst frå bakkeplan eller via eigen takoverdekt trapp.
Oppvarming i stue skjer med vedomn, medan det er varmekablar i golv på bad, vaskerom og gang. Det er også moglegheit for elektrisk oppvarming.
Kvar leilegheit har eigen sportsbod, garasjeplass og tilgang til avfallsrom i frittståande bygg. Garasjeporten har elektrisk opning med nødopning, og det er tilrettelagt med elbil-ladepunkt.
Leilegheitene vert leigde ut umøblert. Integrerte kvitevarer: platetopp, steikeomn og oppvaskmaskin. Frittståande kvitevarer: kombi-kjøleskap.
Beliggenheit
Firemannsbustadene ligg direkte mot Oftevatn, med sørvest vendt orientering på opphaldsrom og uteplass/balkong. På landsida er biltilkomst med parkering og garasjar, samt grøntområde med uteplass.
Leilegheitene ligg sentralt i Høydalsmo, med kort avstand til skule, barnehage, daglegvarebutikk, kollektivtransport og andre lokale fasilitetar.
Annet
Husleige: kr. 10.000 pr. månad. Depositum 20.000 kr.
Strøm og internett er ikkje inkludert.
Oppseiingstid: 3 månader for begge partar.
Leiligheita er røykfri, og det er ikkje tillate med husdyr.
Interresert?
Ta kontakt for visning eller meir informasjon. Tlf 481 81 755
Leilegheitene vert leigde ut av Vest-Telemark Næringsbygg AS.
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Trenger du en kontrakt?
- Utfylt kontrakt med opplysninger fra annonsen
- Digital signering
- Gratis tjeneste
- Godkjent av Forbrukerrådet
Nærområdet
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.