Bildegalleri
Adria ALPINA 753 UP
2017
2 500 kg
956 cm
7
Pris
9 000 kr
Kontakt selgeren
Få mer informasjon om kjøretøyet eller avtal prøvekjøring.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innBeskrivelse
Flott og romsleg familievogn til leige – vår, sommar og haust
Stor og godt utstyrt familievogn med opptil 7 soveplassar. Vogna passar godt for familiar som ønskjer ein komfortabel campingferie med god plass, eige bad, kjøkken, TV, 5G-internett, golvvarme og praktisk uteområde med markise.
Vogna har gode romløysingar og ei lun og romsleg kjensle innvendig. Heilt fremst finn du ei stove med god sitjeplass og eigen TV-krok. Denne delen kan òg gjerast om til dobbeltseng. Over sitjegruppa er det panoramatak som slepper inn mykje lys. Taket kan enkelt dekkjast til ved behov for skjerming.
Det er montert TV med lydplanke, og 5G-internett frå Telia er inkludert. Her kan du logge deg på og strøyme film, seriar eller anna innhald med god kvalitet og lite ventetid.
Kjøkken og opphaldsrom
Kjøkkenet har det meste du treng for ein praktisk ferie:
- 3 kokebluss
- Oppvaskkum med varmtvatn
- Steikeomn
- Kjøleskap med fryseboks
- Mikrobølgjeomn
- Godt med oppbevaringsplass
Kjøleskapet kan gå på 12 V, som er praktisk under køyring, 230 V nettstraum eller gass.
På motsett side av kjøkkenet er det ein koseleg sitjeplass for 4 personar. Denne kan gjerast om til ei større enkeltseng.
Soveplassar
Lenger bak i vogna finn du ei romsleg dobbeltseng og ei nedfellbar barneseng med maksvekt på 50 kg. Det er god lagringsplass under senga og mykje skapplass.
Totalt har vogna opptil 7 moglege soveplassar.
Bad og tankar
Bakarst i vogna er det eit flott bad med vask, toalett og dusj. Toalettet har eigen tank som enkelt kan takast ut som ein praktisk trillekoffert. Dette gjer tømming lettare og meir praktisk.
Vogna kan koplast til City-vatn, eller du kan bruke vatn frå eigen vasstank. Vasstanken har el-kolbe for rask oppvarming av varmtvatn.
Det er òg fastmontert 150 liter gråvasstank under vogna, med ventil under dobbeltsenga for enkel tømming.
Varme, straum og komfort
Vogna har vassboren golvvarme, som gir rask og behageleg oppvarming. Ho heldt stabilt 21 varmegrader då det var -20 grader ute i vinter.
Lysa kan dimmast og styrast frå alle sengeplassar, samt frå området ved hovuddøra. Alt lys fungerer både på 12 V batteri og 230 V nettstraum.
Vogna har aircondition, men denne er ute av drift per 05.2026 og blir derfor ikkje rekna som tilgjengeleg utstyr ved leige. Avtalt service i veke 23, men ingen lovnad om at denne er i orden ved utleigetidspunktet.
Uteområde
Vogna har markise som er enkel å setje opp og pakke saman. Markisa gir praktisk vern mot både sol og regn, men bør ikkje nyttast ved kraftig vind.
Det følgjer med:
- 4 stolar
- Bord
- Teppe til utandørs bruk
Utstyr som følgjer med
- Soveplass til opptil 7 personar
- Vassboren golvvarme
- Tilkopling til City-vatn
- Stor vasstank med el-kolbe
- Kjøkken med gode fasilitetar og vanleg kjøkkenutstyr.
- Eige dusjkabinett
- Rikeleg med varmtvatn
- Toalett med praktisk trillekoffertløysing
- Fastmontert gråvasstank på 150 liter
- TV med lydplanke
- 5G-internett inkludert
- Bord og stolar
- Markise
- Straumkablar
- Slangar til vatn og spillvatn
- Speglar for montering på bil
- 1 stk. komposittgassflaske
Leigetakar må sjølv byte gassflaske dersom ho blir tom. Ny flaske skal vere kompositt på grunn av vekt.
Ledige periodar
Juni, juli og august
I høgsesongen blir langtidsleige prioritert.
- Veke 25 – ledig
- Veke 26 – ledig
- Veke 27 – ledig
- Veke 28 – ledig
- Veke 29 – ledig
- Veke 30 – ledig
- Veke 31 – utleigd
- Veke 32 – utleigd
- Veke 33 – ledig
- Veke 34 – ledig
- Veke 35 – ledig
- Veke 36 – ledig
Leige etter august er mogleg. Ved leige i 3 veker eller meir kan pris avtalast nærare.
Fast plass på Bispen Camping i Skjåk
Vogna har fast plass på Bispen Camping i Skjåk. Her står ho fint plassert i naturskjønne omgjevnader, med kort veg til flotte dagsturar og fine naturopplevingar.
Dette kan vere eit svært godt utgangspunkt for campingferie dersom du ønskjer å bruke vogna utan å trekkje ho langs vegen.
- I sesong står vogna på Nordfjordeid, men plassen kan nyttast etter nærmare avtale.
Depositum og forsikring
Leigeprisen inkluderer kaskoforsikring i Gjensidige.
Eigenandel ved kaskoskade er kr 6 000,- dersom skaden skuldast leigetakar. Skadar som ikkje blir dekte av forsikringa, må betalast av leigetakar i sin heilskap. Dette kan til dømes gjelde mindre skadar som må reparerast på verkstad eller erstattast med nye delar.
Depositum er kr 7 000,- og skal vere betalt før henting av vogna.
Depositumet blir tilbakebetalt i sin heilskap ved tilbakelevering, føresett at vogna blir levert tilbake i same stand som ved utleige.
Vilkår for leige
- Vogna blir berre leigd ut til familiar eller vaksne, ansvarsbevisste personar over 25 år. Vogna skal ikkje brukast til festival, fest eller liknande arrangement.
- Leigetakar må ha gyldig førarkort klasse BE.
Vogna har totalvekt på 2 500 kg.
- Framleige er ikkje tillate.
- Røyking er ikkje tillate.
- Hund er tillate etter avtale, men ikkje i sitjeplassar eller senger.
- Vi har sjølve hund, så vogna blir dessverre ikkje tilrådd for personar med allergi.
- Vogna skal leverast tilbake i same stand som ved henting.
- Vogna skal være reingjord innvendig og utvending, med tom vasstank, tom gråvasstank og tømt toalett.
- Manglande reingjering blir trekt frå depositum med kr 2 000,-.
Manglande tømming av toalett blir trekt frå depositum med kr 1 000,-.
- Vogna blir leigd ut utan personleg utstyr som dyner, puter, sengetøy og handkle.
- Leigekontrakt med vilkår må signerast før reservasjonen er gyldig.
Ved bestilling skal det betalast reservasjonsgebyr på kr 2 000,- per veke. Dette beløpet inngår i leigesummen når leigeforholdet blir gjennomført som avtalt.
Resterande leigebeløp og depositum på kr 7 000,- skal betalast seinast 7 dagar før henting av vogna.
Reservasjonsgebyr blir ikkje refundert dersom leigetakar avlyser leigeforholdet og vogna ikkje blir leigd ut til andre i same periode.
Utleigar fråskriv seg erstatningsansvar utover det som følgjer av leigeforholdet og gjeldande forsikringsordning.
Kort oppsummert
Dette er ei stor, komfortabel og godt utstyrt familievogn med god plass, mange soveplassar og mykje praktisk utstyr. Ho passar godt både for deg som vil ha ei fast og enkel campingoppleving på Bispen Camping, og for deg som har bil og førarkort til å ta vogna med på tur.
Ta gjerne kontakt ved spørsmål eller ønskje om leigeperiode.
Spesifikasjoner
- Omregistrering
- Ikke oppgitt (avgifter)
- Årsavgift
- Les mer
- Tilstand
- Brukt
- Merke
- Adria
- Modellår
- 2017
- Type campingvogn
- Campingvogn
- Lengde i cm
- 956 cm
- Bredde
- 246 cm
- Totalvekt
- 2 500 kg
- Egenvekt
- 1 880 kg
- Nyttelast
- 620 kg
- Soveplasser
- 7
- Campingvognen står i
- Norge
- Garanti
- Nei
- Tilstandsrapport
- Nei
- Salgsform
- Til leie
Reklamasjonsrett ved kjøp fra privatperson
Normalt gjelder 2 års reklamasjonsfrist mot skjulte feil og mangler. Reklamasjonsretten brukes hvis produktet er i dårligere stand enn det du hadde grunn til å forvente, basert på informasjon du har fått fra selger. Vær oppmerksom på at begge parter kan fraskrive seg reklamasjonsretten dersom dette er tydelig spesifisert i en kjøpekontrakt.
Les mer om reklamasjonsrett på FINNs hjelpesenter.
Uavhengig tvisteløsning
Vår partner Mekle tilbyr digital tvisteløsning hvor begge parter i en reklamasjonssak får hjelp av en jurist til å finne en rimelig løsning.
Les mer om Mekle herAnnonsen kan være mangelfull. Fullstendig salgsinformasjon og opplysninger iht. opplysningsplikt kan fås direkte fra selger.