Energivert/aktivitør. Ønsker du ei lita stilling ved sida av studie?

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Energivert/ aktivitør i rullerande turnus (12%) ved Energisenteret for barn og unge
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Energisenteret for barn og unge (Energisenteret) skal vereknutepunktet for fysisk aktivitet for barn og unge med særskilde behov, oghuser aktivitet på tvers av klinikkar og avdelingar på Haukelanduniversitetssjukehus. I senteret er målet at barn og unge skal få lyst til åvere fysisk aktive, trivast på trening og oppleve fellesskap med kvarandre.Alle som har relasjon eller oppgåver knytt til primærbrukarae kan også nyttasenteret. Det kan vere familie, vener, helsepersonell, brukargruppar,idrettslag, lærarar, trenarar, forskarar og studentar.På dagtid nyttast Energisenteret til pasientbehandling, medandet på ettermiddag/kveld er ein god blanding av intern og ekstern aktivitet ilokala. Delar av desse aktivitetane er ønskt følgt opp av Energivertar. Primæroppgåverer å ivareta sikkerheit og yte service overfor brukarane av svømmebasseng, kinoog gymsal i Energisenteret for barn og unge.

For å vere Energivert/aktivitørmå du habestått livbergingskurs og -test, og det vil vere eit vedvarande krav om årleggjennomført og bestått livbergingskurs og -test. Opplæring og kurs vil bligjennomført og økonomisk dekt for den som blir tilsett om du ikkje har dette frå før. Arbeidstida er hovudsakleg 2-4 timars vakter på ettermiddag/kveldstid oghelg i ein fast vaktplan. I tillegg vil det vere moglegheit for ekstravakter vedsærskild aktivitet. Intervju blir gjennomført fortløpande.

Vi ønsker no å tilsette fire medarbeidarar i 12% faste stillingar.


Arbeidsoppgåver

  • Primæroppgåver er å ivareta sikkerheit og yte service overfor brukarane av gymsal, svømmebasseng og kino i Energisenteret for barn og unge
  • Stillinga inneber også klargjering og reinhald av dei aktuelle areala
  • Å vere Energivert/aktivitør i svømmebassenget er ein fysisk krevandejobb og du må ha gode svømmeferdigheiter, god helse og ha bestått livbergingskurs og test
  • Arbeidstid er normalt kortare vakter på ettermiddag/kveld, med nokre laurdagar i løpet av året. Stillinga eignar seg difor særs godt som bistilling til studiar eller anna arbeid

Kvalifikasjonar

  • Meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Søkar må vere over 18 år
  • Det er krav om bestått kurs i livberging og dykk påbassengets djupaste område som er 3,5 meter, eller vere gjennomført innan 3 månader etter oppstart
  • Det vil bli gjennomført fysisk utsjekk, eller dokumentert at ein har nyleg tilsvarande test
  • Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma)
  • Det er ein fordel å ha brattkort for sikring i klatrevegg, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Du må vere serviceinnstilt, glad i menneske og ansvarsbevisst
  • Initiativrik og ansvarsfull
  • Du må også ha oversikt, kunne ta raske beslutningar og behalde roen dersom ein kritisk situasjon oppstår
  • Det vil bli lagt vekt på fleksibilitet på arbeidstid

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb i eit aktivt miljø med ulike pasient- og yrkesgrupper
  • Lønn iht gjeldane overeinskomst

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Annet
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger,
Annet,
Helsepersonell
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Energivert, aktivitør, Energisenteret for barn og unge, sykehus, aktivitør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lars Peder Vatshelle Bovim
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
97 68 24 02
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 348996031
Sist endret 17. apr. 2024 12:56

Rapporter annonse