Inaktiv

Assistent til faste helgestillingar ved seksjon KRS, TPS og PBU

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Assistent til faste helgestillingar, seksjon KRS, TPS og PBU
Frist
17.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Avdeling for Spesialisert Psykosebehandling, Seksjon TPS og KRS har for tida ledige faste helgestillingar, med arbeid p.t. kvar 3. helg.

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) - akuttposten, har for tida ledige faste helgestillingar med arbeid pt. kvar 2. helg.

Spesifiser i søknaden kor du ønsker å søke.

Seksjon TPS
Seksjon Tidleg psykose Sandviken (TPS), avdeling for spesialisert psykose er ein lukka utredningspost for unge nysjuke, lokalisert til Sandviken sjukehus. TPS skal gi tilbod om utgreiing og start av behandling i døgnavdeling. Seksjon TPS starta 01.01.2012 og flytta inn i nytt bygg juni same året. TPS skal gi tilbod til unge menneske i alderen 15-30 år. TPS gjer tilbod til unge nysjuke med både rusproblem og dei utan. Desse to pasientgruppene er delt inn i to fysisk åtskilde område/grupper.

Det blir lagt vekt på psykoedukativt familiearbeid, samarbeid med andre instansar, fysisk aktivitet og å legge til rette for forsking. TPS har 15 (7 + 8) sengeplassar. Sjukepleiar/vernepleiar og helsefagarbeidar/hjelpepleiar inngår i tverrfagleg team, saman med psykiater, psykologspesialist/psykolog og sosionom. Treningsterapeut bidrar til å legge til rette for fysisk aktivitet. Vi har også erfaringskonsulent.

Tidleg psykose har ledig 4helgestillingar: 2 x 20% og 2 x 14% med arbeid kvar 3. helg. Seksjonen har adresse Sandviksleitet 1.

Seksjon KRS
Seksjon kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) er ein lukka seksjon med 8 døgnplassar som gir eit tilbod til to ulike pasientgrupper. Seks av plassane er for personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar som til dømes rus og personlegheitsforstyrringar. To døgnplassar er for personar som har kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring.

Seksjonen driv rehabilitering til bustad og dagleglivets aktivitetar og utfordringar, i eit samarbeid med innsøkande instansar og dei kommunale tenestene.Under innleggingajobbar vi tverrfagleg kor mellom anna psykiater, psykolog, sosionom og miljøterapeut deltar i team. Miljøterapien fokuserer på relasjonsbygging, for å gigrunnlag for ei trygg overføring til bustad.

Vi jobbar systematisk med kartlegging og utvikling av ADL-ferdigheiter, dyrking av interesserog vinyttar sanserom som verktøy for kjensleregulering. Vi er også opptatt av somatisk og fysisk helse, og har tilgang til gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk.

KRS har ledig 4 helgestillingar frå 14-20% og har adresse Hatleveien 7D.

PBU, Akuttposten

Tre av våre tilsette på helg er snart ferdig utdanna og på veg over i andre stillingar. I den samband treng vi tre faste tilsette på helg i ca27% stilling, 2.kvar helg.
Akuttposten er ein døgnbemanna post med kapasitet til 8 pasientar. Vi held til i 2. etg. i det nye Barne- og ungdomssjukehuset,Glasblokkene på Haukeland universitetssjukehus.

Målgruppa vår er barn/ungdom ialderen 0-18 år med psykiske lidingar, som er innlagd frivillig, påforeldresamtykke eller under tvang.Oppgåvene våre er knytt til observasjon, utgreiing, diagnostisering og utarbeiding/ utprøving av tiltak og behandling. For å oppretthalde samansettingaav personalgruppa oppfordrast menn til å søke.

Vedkommande som får tilbod om tilsetting, må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell §20a.


Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutisk arbeid
  • Teamarbeid
  • Observere og dokumentere
  • Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grensar for kvar enkelt pasient
  • Praktiske oppgåver
  • Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremål

Kvalifikasjonar

  • Relevant erfaring
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg godt
  • Bør vere student innanfor helse -og sosialfaglig utdanning

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta
  • Strukturert
  • Pasientorientert
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient og pårørande
  • Ha evne til å arbeide tverrfagleg og i team
  • Trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Etterspør rettleiing

Vi tilbyr

  • Å delta i eit spennande og fagleg miljø, der folk trivst på jobb
  • Fadderordning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
8
Sted
Hatleveien 7D, 5038 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Assistent, Psykiatri, Deltid, Helg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Nina Auro
Stillingstittel
Seksjonsleder PBU
Telefon
55 97 57 53
Kontaktperson
Kjersti Valestrand Bjørnstad
Stillingstittel
Seksjonsleiar TPS
Telefon
55 95 86 12
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Hatleveien 7D, 5038 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 345725068
Sist endret 18. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse